Hjem
Aktuelt
Frå universitetsstyret

Publiseringsrekord for UiB

Forskarar frå UiB publiserer stadig fleire artiklar i dei mest anerkjente vitskaplege kanalane.

Publiseringspoeng
UiB nærmar seg målet om eitt publiseringspoeng per tilsett.
Foto/ill.:
Colourbox

I 2011 publiserte Universitetet i Bergen 25,6 prosent av dei vitskaplege artiklane i det som vert rekna som dei beste vitskaplege tidsskrifta og kanalar, såkalla nivå 2-publisering. Det er det beste publiseringstalet frå UiB nokon sinne, dei siste fem åra har auken vore på 5 prosentpoeng.

Universitetet i Oslo publiserte 27 prosent av publikasjonspoenga på nivå 2, medan NTNU sto for 21 prosent.

Tala kjem fram i UiB si forskingsmelding for 2011, som vart lagt fram for universitetsstyret torsdag 31. mai. Forskingsmeldinga legg vekt på at UiB styrkar si stilling som internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet.  

Du kan lesa forskingsmeldinga her.

 

Nærmar seg målet 

Ved byrjinga av året lanserte rektoratet ved UiB sine ambisjonar om eitt publiseringpoeng per år.  I 2011 var talet per fagårsverk på 0,97, og ein er dermed svært nær denne målsetjinga. Talet på publiseringar auka frå 1935 til 1946 frå 2010 til 2011, det høgaste talet nokon gong. Det humanistiske fakultetet har den største veksten med 95 prosent, kan ein lesa i forskingsmeldinga.

 

Rekrutteringspolitikk 

Universitetsstyret gjekk gjennom fleire saker på møtet. Sjå sakskartet og les sakspapira her.

Mellom anna vart fram status, utfordringar og tiltak for UiB sine rekrutteringar og rekrutteringspolitikklagt fram. I 2011 fekk universitetet 31 nye professorar. Tre av stillingane var ordinære tilsetjingar , medan 26 var førsteamanuensar med opprykk til professor. I tillegg vart tre professorar tilsette utan utlysing. To av dei tre som vart tilsett i ordinære professorstillingar var kvinner,  medan 31 prosent av dei som fekk kompetanseopprykk er kvinner.

Talet på professorar ved UiB har auka med 12 årsverk det siste året, i følgje sakspapira. Talet på førsteamanuensar synk noko og det vart tilsett 30 nye i 2011, halvparten av dei kvinner. Sakspapira påpeiker at det er stor stabilitet på UiB. 

Snart vert det derimot behov for fleire utlysingar. I følgje sakspapira er kring 38 prosent av professorane ved UiB over 60, og mange vil nå aldersgrensa dei neste åra.

Styret vart også førelagt rekneskap for 2011 og drøfta budsjettet for 2012. Organiseringa av UiB sitt arbeid med etter- og vidareutdanning vart vedteke, men med visse endringar i forslaget til vedtak.