Hjem
Aktuelt
Times Higher Education

UiB opp på rangering

Universitetet i Bergen klatrar på Times Higher Education si liste over dei beste universiteta i verda.

UiB gjer eit hopp på Times Higher Education si rangering over verdas beste universitet.
Foto/ill.:
Times Higher Education

Universitetet i Bergen er i år på 208. plass på rangeringa over dei beste universiteta i verda. Det er 20 plassar høgare enn fjorårets rangering, 228. plass.

– Det er gode nyheiter, seier Dag Rune Olsen, rektor ved UiB.

Rangeringa er publisert av det britiske magasinet Times Higher Education (THE) . Når lista skal utarbeidast ser THE på fem ulike kriterium: Læringsmiljø (tel 30 prosent), forsking (30 prosent), siteringar (30 prosent), inntekter fra kommersialisering (2,5 prosent) og internasjonal samansetning av tilsette, studentar og forsking (7,5 prosent).

Sjå rangeringa på THE sine nettsider.

 

Gjennomslag for forsking

UiB kan visa til framgang i alle kategoriane unnateke internasjonal samansetning og kommersialisering.  Ved førre rangering var UiB det mest siterte universitetet i Noreg, og skårer noko høgare i år.

 – Det at våre forskarar ofte vert siterte er eit godt mål på forskinga vår sitt gjennomslag, seier rektor.

Han er også glad for at UiB i følgje THE gjer det betre på forsking og publiseringsmengde. Poengsummen er i år 28,2, mot 26,8 i fjor.

– Dette viser at vi har levert meir forsking, og trukke til oss meir ekstern finansiering.

Også innan læringsmiljø gjer UiB det betre enn tidlegare, og går frå 28,3 til 30,8 poeng.

Les også: Tiden for rankinger

 

Endrar ikkje strategi

UiB hamnar eit lite hestehovud bak Universitetet i Oslo på  185. plass. Generelt gjer dei nordiske universiteta det stadig betre på THE-rangeringa.

– Dei nordiske universiteta er relativt like kvarandre i finansieringssystem, med statleg støtte. Finanskrisa i Europa kan ha spelt ei rolle her, trur Olsen. 

THE-rangeringa er ein av fleire universitetsrangeringar, og i november inviterer mellom andre UiB til ein konferanse som tar opp emnet.

– Vi skal ta slike rangeringar for det dei er verdt, omdømme er eit svært laust parameter. Likevel trur eg siteringar er eit parameter som fortel oss mykje om kvaliteteten på forsking vår. UiB skal ikkje innretta strategiane sine for å klatra på rangeringar. Om vi fortset å utvikla kvalitet innan forsking og utdanning vil vi uansett gjera det betre på rangeringane, avsluttar Olsen.