Hjem
Aktuelt
Forskingsstøtte

150 millionar til forskingsutstyr

Forskingsrådet deler ut ein halv milliard kroner til laboratorium, basar og utstyr. 150 av dei går til Bergen og UiB.

EIt av prosjekta som får støtte får 46 millionar kroner til ein fjernstyrt djupvatnsfarkost som kan samla inn forskningsdata heilt ned til 6000 meters djup. Biletet er frå Lokeslottet mellom Svalbard og Jan Mayen.
Foto/ill.:
Senter for geobiologi

Støtta frå Forskingsrådet skal legga grunnlaget for banebrytande forsking, framtidig verdiskaping og attraktive forsknings- og utdanningsinstitusjonar. I alt får 16 prosjekt støtte, fire av dei frå Bergen. I alt vert det delt ut kring 500 millionar kroner, og 150 av desse skal gå til nye forskingsverktøy i Bergen og ved UiB. 

UiB får støtte til eit nasjonalt helseregister, ein nasjonal plattform for NMR-teknologi og eit laboratorium for sedimentsanalysar. I tillegg får Universitetet i Bergen, Havforskingsinstituttet og Christian Michelsens Research omlag 46 millionar kroner til ein fjernstyrt djupvatnsfarkost som kan samla inn forskningsdata heilt ned til 6000 meters djup.

Forskingsrådet har denne gongen prioritert tildelingar til laboratorier, utstyrsanlegg og databasar innan helse og velferd, bioøkonomi, klima og miljø, energi og miljøvennlig teknologi  

 

Eksperimentelle miljø

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, skildrar seg sjøl som glitrande glad for støtta til ny infrastruktur og forskingsverktøy.

– Dette er store, tunge og eksperimentelle forskingsmiljø som vil få fram mykje spanande kunnskap ved hjelp av støtta. Ikkje minst er eg glad for at me får ein så stor andel av pengane, det syner at dei plattformane me ynskjer å etablera er fullt ut konkurransedyktige med dei andre nasjonale, seier rektor.

Arvid Hallén, administrerande direktør i Norges forskningsråd, seier i ei pressemelding:

– Investeringane støttar opp under somme av våre fremste forskarar og styrker deira gjennomslagskraft internasjonalt. Med moderne infrastruktur stiller vi sterkare i konkurransen om både talent og pengar frå EU sitt rammeprogram.

 

Trappar opp innsatsen

Sidan 2009 har Forskingsrådet finansiert utstyr for til saman 1,5 milliardar kroner. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen  seier i ei pressemelding at regjeringa vil trappa opp forskingsinnsatsen og leggja vekt på langsiktigheit i forskingspolitikken.

– Samfunnets kunnskapsbehov vert ikkje mindre med tida, og det er derfor viktig å møte den utfordringen på best mulig måte, seier Røe Isaksen.

Rektor Dag Rune Olsen meiner støtta på 150 millionar kroner er ein god start.

– Det er det definitivt. Infrastruktur er ein viktig del av forskingsinssatsen, og no imøteser me regjeringa sin tilleggsproposisjon vedrørande grunnstøtta.

 

Stort etterslep

Det er framleis eit stort udekka behov for utstyr innan norsk forsking. I følgje Forskingsrådet kom det inn 70 søknader til utlysinga av midlar til infrastruktur, og det vart søkt om kring tre milliardar kroner. I alt fekk altså 16 støtte.

– Med støtta til infrastruktur tar Forskingsrådet dette etterslepet på stort alvor, seier Olsen.

Han seier det er vanskeleg å talfesta etterslepet ved UiB.

– Mellom anna treng me å fornya forskingsfartøya våre, det krever store summar. I tillegg  er det store mengder utstyr rundt omkring som treng oppgradering, så ein kan fort koma opp i summar som er fem eller ti gongar meir det me er tildelt. Deler av dette må me sjølvsagt dekka frå eige budsjett.