Hjem
Aktuelt
Horisont 2020

Klar for verdas største forskingsprogram

Horisont 2020 vert det største forskingsprogrammet i verda med 70 milliardar euro i tildelingsmidler. UiB vil motivera sine forskarar til å henta ein stor del av potten.

Med sine 70 milliardar euro i tildelingsmidlar vert Horisont 2020 verdas største forskingsprogram.
Foto/ill.:
Europakommisjonen

– Bruk Horisont 2020 for å realisera dine forskarambisjonar. 

Det er Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, si oppmoding til forskarane ved universitetet.

Etter nyttår startar EU sitt nye rammeprogram for forsking og innovasjon. Programmet skal skapa gode løysingar på felles utfordringar i framtida gjennom europeisk forsking, teknologisk utvikling og innovasjon.

27. november inviterer Forskningsrådet til informasjonsmøte i Bergen om EU sitt nye rammeprogram – les meir her.

Horisont 2020 avløyser EU sitt  7. rammeprogram, som mellom anna har støtta fleire prosjekt ved UiB gjennom ERC. I følgje tal frå Forskingsadministrativ avdeling er rundt 110 prosjekt innvilga mellom 2007 og 2013. Den samla finansieringa av prosjekt der UiB deltek er kring 3 milliardar kroner, med ein andel på om lag 450 millionar kroner frå UiB. 

 

Milliardar i potten

I sjuårsperioden 2014 til 2020 får Horisont 2020 eit samla budsjett på om lag 70 milliardar euro, ein stor auke i forhold til det forrige rammeprogrammet. 

UiB set seg som mål å få støtte til endå fleire prosjekt enn ved det forrige rammeprogrammet, fortel Olsen.

– UiB kan få mykje utav Horisont 2020. Vi kan styrka kvalitetsforskinga og ikkje minst forsking på tvers av disiplinar.

 

Passar UiB

Måten å nå måla på er senda dei gode søknadane. Det er difor sett ned ei gruppe med folk med erfaring frå søknadsskriving, budsjettarbeid og jus som skal bistå dei med mindre erfaring.

– Det handlar om å motivera, seier rektor.

Han påpeiker at Horisont 2020 i første rekkje ynskjer å skapa forsking som tar opp dei store globale utfordringane, og at ein trekk fram at det er naudsynt med tverrfaglege tilnærmingar.

– Dette passar bra for UiB. Vi har alle dei disiplinane som skal til. Marin forsking, samfunnstryggleik, klima og energi er berre nokre av dei emna som passar rett inn i vår kompetanse.

Horisont 2020 består av tre hovudsatsingar: Ein grunnforskingsdel som finansierer nysgjerrighetsdriven, nyskapande forsking og samarbeid innan forskningsinfrastruktur. Den andre satsinga finansierer industrielt leiarskap og konkurranseevne, med tunge næringsretta virkemiddel. Den tredje delen finansierer forskning og innovasjon for å løysa felles samfunnsutfordringar.

 

Oppfyller ambisjonar

Rektor meiner svært mange av forskarane ved UiB bør vera interesserte i å søkja midlar frå rammeprogrammet.

– Somme vil kanskje tenkja at den nysgjerrigheitsdrivne grunnforskinga vil få lite plass når ein ynskjer å løysa samfunnsproblem, men dei bør tenkja seg om to gongar. Gode prosjekt vil innebera ulike samarbeid som kan adressera konkrete område.

Han meiner at det sjuande rammeprogrammet, som no altså vert avvikla,  har gitt UiB høve til å oppfylla fleire ambisjonar. Ikkje minst har ein fått eit større europeisk nettverk.

– No bør vi ha ein klar ambisjon om å auka EU-andelen betrakteleg, avsluttar rektor.