Hjem
Aktuelt
Kreftforsking

Løftar kreftforskinga

– Kreftforeningen vil finna dei beste forskarane og den beste forskinga, og plassera pengar der.

Dekan Nina Langeland og rektor Dag Rune Olsen var begge takksame for forskingsstøtta frå Kreftforeningen. Generalsekretær Anne Lise Ryel og dei to eldsjelene Silje Sjursjøen og Kari Tveit Haugland sto for utdelinga.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes

Det sa Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen då ho overrekte nærare 24 millionar kroner til kreftforsking ved Universitetet i Bergen. 

Rektor Dag Rune Olsen takka varmt for pengane.

– Det er Kreftforeningen som har vore i front og bygd opp kreftforskinga i Noreg, sa han.

Utdelinga fann stad på Muséplass fredag ettermiddag.

Les også: Millioner til kreftforskning

Midlane er ein del av Kreftforeningens hovudtildeling der kring 160 millionar kroner vert delt ut til kreftforsking i forskjellige forskingsmiljø i heile Noreg. I Bergen mottek 24 forskingsprosjekt støtte, 21 av dei frå UiB.

Dekan ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Nina Langeland, var også svært takksam for løyvinga frå Kreftforbundet.

– Kreftforeningen sine bidrag har løfta kreftforskinga i Bergen, og kreftforskinga har på si side løfta andre forskingsmiljø. Dette har stor tyding for heile miljøet vårt, sa Langeland.