Hjem
Aktuelt
Grunnlova

1814: Frå einevelde til folkemakt

Då den norske grunnlova vart vedteken i 1814, representerte ho eit radikalt brot med fortidas einevelde og privilegium.  

Foto av grunnloven
GAMLE LOVER: Av alle dei gjeldande grunnlovene i dag er det er berre den amerikanske grunnlova av 1787 som er eldre enn den norske.
Foto/ill.:
Berit Roald

Det var kanskje Harald Hårfagre som samla Noreg til eit rike, men i 1814 vart kongeriket ­Noreg skapt på ny, som ein sjølvstendig stat med ein eigen konstitusjon. Då grunnlova vart signert på Eidsvoll den 17. mai, var ho ei av dei mest radikale og moderne grunnlovene i Europa.

– Vi kan kalle 1814-grunnlova for ei moderat revolusjonsgrunnlov. Trass i at vi ikkje hadde nokon revolusjon her i Noreg, deler den idé med dei andre revolusjonsgrunnlovene, som til dømes den franske og den amerikanske, forklarar Eirik Holmøyvik, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet.

Holmøyvik står bak boka Maktfordeling og 1814, som er ei omarbeida utgjeving av doktoravhandlinga hans frå 2011 med same namn.

– Tankesettet i den nye grunnlova braut prinsipielt med eineveldet, som hadde vore lovfesta i Kongelova frå 1665. I staden var det no prinsippa om maktfordeling og folkesuverenitet som dominerte, seier han.

Fridom og menneskerettar

Anne-Hilde Nagel er professor ved Institutt for arkeologi, historie, ­kultur- og religionsvitskap ved UiB, og ­føreles i historieemnet 1814 – Noregs forunderlige år, der Grunnlova og 1814 som vendepunkt i norsk historie står i fokus.

– Dersom eg skal samanfatte 1814 i eitt ord, er det ordet fridom som dukkar opp i hovudet mitt. Vi fekk fridom frå styre utanfrå, og fridom til å velje vår eigen statsform. I tillegg fekk vi fridom til å bestemme vår eigen konstitusjon. Kvar einskild sin fridom vart òg vektlagd. Dette vart uttrykt gjennom menneskerettane, forklarar Nagel. Ho seier at det ikkje er så mange som i dag tenker på at Eidsvollsgrunnlova var ei norsk uavhengighetserklæring.

– Mange frykta at vi skulle miste fridomen vår under Sverige, men det skjedde ikkje. Noreg var ein sjølv­stendig stat som styrde seg sjølv frå 1814, bortsett frå kongen og utanrikspolitikken som vi hadde saman med svenskane. Det viktigaste av desse felta var utanrikspolitikken, legg ho til.

Storting og maktfordeling

Arbeidet med skrivinga av den norske grunnlova gjekk ikkje føre seg i noko vakuum. Medlemmane av Riksforsamlinga var godt oppdaterte på situasjonen i Europa og verda.

– Standardforklaringa er at dei var inspirerte av ideala frå Opplysningstida om politisk fridom og universelle menneskerettar, men hovud­inspirasjonen var nok andre grunnlover, seier Eirik Holmøyvik.

I tråd med maktfordelingsprin­sippet bygde den nye grunnlova på ei deling av statsmakta, der Stor­tinget, det folkevalde organet, fekk full kontroll over lovgivinga.

– Tanken om at folket sjølv skulle gje og endre grunnlova si var viktig i tida. Den norske modellen for maktfordeling skilte seg ut frå andre land ved at Stortinget vart samla i eitt kammer. Ordninga med Lag- og Odelsting var i realiteten berre ein formalitet, og det var ikkje eliten, eller ein adel, som skulle sitje i Lagtinget, slik som i ein del andre land, seier Holmøyvik.

Kvifor var maktfordelingsprin­sippet så viktig i 1814?

– I 1814 var tanken at maktfordeling var ei føresetjing for fridom. Føremålet med maktfordelings­prinsippet var å forhindre maktmisbruk. Det er vanleg å knyte maktfordelinga i Eidsvollsgrunnlova til den franske filosofen Charles de Montesquieu, men dette er feil! Maktfordelinga i Den norske grunnlova er annleis. Folkesuverenitetsprinsippet var det viktigaste, understrekar Holmøyvik.

Liberal stemmerett

Med Eidsvollsgrunnlova fekk Noreg ein av verdas mest liberale stemmerettar. Endå meir liberal vart den då andre europeiske grunnlover blei meir autoritære utover på 1800-talet. Noko av det mest spesielle med den norske stemmeretten var at den inkluderte bøndene. Kvinnene måtte derimot vente nesten hundre år, til 1913, før dei fekk stemmerett.

– Det vert ofte sagt at det ikkje var aktuelt med stemmerett for kvinner i 1814, men det er ettersom ein ser det. Det fanst litteratur om kvinners rettar allereie i 1814, og folk leste den. Og stemmerett for kvinner var satt på dagsorden både under den amerikanske og den franske revolusjonen, seier Nagel.

Ho legg til at det jo faktisk heller ikkje vart vedteke at kvinner ikkje hadde stemmerett. Kjønn er ikkje spesifisert i reglane om stemmerett i 1814-grunnlova.

Heller ikkje husmenn, tenestefolk og eigedomslause fekk moglegheit til å stemme.

– Vi gløymer heilt at fattigfolk ikkje fekk stemmerett før i 1919, seks år etter kvinnene, påpeikar Nagel.

Bønder og juristar

Den grunnlovsgivande Riksforsamlinga vart sett saman av 112 valde representantar. Av desse var det heile 37 bønder.

– At bøndene vart kalla inn til Eidsvoll er ganske oppsiktsvekkande i eit internasjonalt perspektiv, ­meiner Nagel.

Sjølv om noko av grunnen til dette var ein pågåande allianse mellom embetsmennene og bøndene, mot dei store næringsdrivande, er det viktig å hugse på at bøndene var politisk viktige i Noreg, både i 1814 og før. Dei var rettsleg sjølvstendige på ein heilt annan måte enn for eksempel bøndene i Danmark.

Den dominerande gruppa i Riksforsamlinga var likevel embetsmennene, med 57 representantar.

– Som jurist må eg påpeike at 26 av 112 representantar på Eidsvoll var juristar, seier Holmøyvik.

Forsamlinga delte seg inn i underkomitear. Den viktigaste var konstitusjonskomiteen, med Christian Magnus Falsen, og den meir ukjende Christian Adolph Diriks, i spissen.

– I praksis var det konstitusjons­komiteen som skreiv Grunnlova. Heile 80 av 115 paragrafar som dei presenterte, vart vedtekne utan endringar, og halvparten av paragrafane vart vedtekne utan debatt, fortel Holmøyvik.

Teksten er henta frå Hubro, UiBs forskningsmagasin. Det er gratis å tegne seg som abonnent, bare send oss en e-post. Du kan også lese magasinet på nett, eller laste det ned som PDF.