Hjem
Aktuelt
Horisont 2020

Gode sjansar i Horisont 2020

Forskingssjefen i EU trur UiB har eit betre utgangspunkt enn nokon sinne til å vinna i kampen om EU-midlane.

Rektor Dag Rune Olsen og Robert-Jan Smits, leiar for forsking og innovasjon i EU.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes

Hovedinnhold

– Sjansane dykkar for å lukkast er endå betre enn før, sa Robert-Jan Smits til rektor Dag Rune Olsen og andre representantar for UiB på torsdag.

Smits er leiar for forsking og innovasjon i EU, og fekk torsdag ein presentasjon av UiB si forsking innan klima, internasjonal helse og det marine feltet.

Les også: Klar for verdas største forskingsprogram 

Vinnande motivasjon

Etter nyttår startar EU sitt nye rammeprogram for forsking og innovasjon. Programmet skal skapa gode løysingar på felles utfordringar i framtida gjennom europeisk forsking, teknologisk utvikling og innovasjon. Med eit løyvingsbudsjett på kring 70 milliardar euro kan forskarar søkja om pengar frå den største potten i verda.

Etter å ha høyrt presentasjonane roste Smits UiB for sin motivasjon til å vera leiande innan visse felt.

– Når ein viser initiativ og ynskjer å ta ei leiande rolle er sjansen for å lukkast høg.

 

Passar Skandinavia

Universitetet i Bergen er i europeisk målestokk eit ungt universitet, og heller ikkje mellom dei største. Rektor Dag Rune Olsen meinte det kan vera ei styrke, sidan samarbeid på tvers av disiplinar vert gjort enklare.

– Det har skapt framifrå forsking innan visse felt, sa Olsen.  

Eit av måla i Horisont 2020 er å løysa sentrale samfunnsutfordringar gjennom forsking og innovasjon.

Smits fortalde at Horisont 2020 dermed høver godt til skandinavisk akademia, der samfunnsvitskap og tverrfalglege tilnærmingar er viktige.

–  Noreg er svært sterke innan tverrfagleg forsking, difor er me svært glade for at de er ein del av programmet vårt. Å vera framifrå innan nisjeområde tyder alt, og eg vil oppmoda dykk om å bruka programma våre i endå høgare grad enn før.