Hjem
Aktuelt
Kreftforsking

Kreftforsking ved UiB får 16 millionar

Professor Rolf Bjerkvig og senteret hans får 16 millionar kroner til å forska på hjernekreft.

UNIK TILDELING: Målet med tildelinga på 16 millionar kroner er å gje professor Rolf Bjerkvig og teamet hans eit forskingsløft. Slik skal framifrå medisinsk forsking koma pasientane til gode raskt.
Foto/ill.:
Åse Johanne Roti Dahl

Hovedinnhold

– Dette er rett og slett fantastisk og ei unik tildeling i norsk samanheng. Eg vart mållaus då eg fekk beskjeden i går. Det tyder umåteleg mykje for laboratoriet vårt å få ei slik anerkjenning, seier Bjerkvig til Bergens Tidende.

Rolf Bjerkvig er tilknytta Institutt for biomedisin ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

 

Nye behandlingsmetodar mot hjernesvulst

Han fortel at dei 16 millionane gir han og kollegaene høve til klinisk utprøving og til å ta i bruk nye behandlingsmetodar. Hovudmålet er å finna nye behandlingsmetodar for pasientar med hjernesvulst.

 Kring 40 personar arbeider ved Bjerkvig sitt laboratorium. Pengesummen skal lønna nøkkelpersonell, som ein elles ikkje hadde hatt pengar til, og ikkje minst overføra kunnskap og forsking til klinikkane, fortel Bjerkvig til BT.

Universitetet i Bergen samarbeider tett med nevrokirurgisk avdeling og onkologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus.

 

Grundig kvalitetsvurdert

Støtta på 16 millionar kroner kjem frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen. Dei støttar også to andre senter i Tromsø og Oslo dette året. Sidan 2010 har stiftinga delt ut 224 millionar kroner til 14 medisinske forskingsrupper, i følgje BT.

–  Tildelingane skjer på bakgrunn av grundige kvalitetsvurderingar gjort av ei internasjonalt samensett ekspertgruppe, seier leiaren i Stiftelsen Gerhard Jebsen, Kåre Rommetveit, til BT.