Hjem
Aktuelt
FRIPRO

Åtte prosjekt ved UiB får fri prosjektstøtte

Elleve prosjekt frå Bergen får FRIPRO-pengar frå Forskingsrådet. Åtte av dei tilhøyrer UiB.

Reagensrøyr, illustrasjonsbilete
Åtte prosjekt ved Universitetet i Bergen får FRIPRO-midler frå Forskingsrådet. FRIPRO-midler skal støtta den frie, grunnleggande forskninga, som sikrar nasjonen kunnskap i møtet med framtidige utfordringar for næringsliv og samfunn.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

FRIPRO er ein open konkurransearena for alle fag og disiplinar, der det ikkje vert lagt tematiske føringer eller sett krav om bruk og umiddelbar nytteverdi. Forskingsrådet ynskjer at FRIPRO skal få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet, og mellom anna støtta dristig og nyskapande forsking og karrierar for unge forskarar.

Til saman deler Forskingsrådet ut 607 millionar kroner til 103 prosjekt landet rundt, skriv Forskingsrådet på sine nettsider.  Åtte av prosjekta som får støtte for 2014 tilhøyrer UiB. I tillegg får tre Bergens-prosjekt støtte: to ved Nansensenteret og eitt ved Uni Research.

For 2013 delte ein ut 455 millionar kroner i FRIPRO, og potten har dermed auka til 607 millionar for 2014.  Prorektor Anne Lise Fimreite seier til På Høyden at ho gjerne skulle sett ei endå større løyving innan den frie prosjektstøtta. 

– Som breiddeuniversitet er vi sjølvsagt interesserte i at denne potten er stor. Tilgang til frie forskinsmidlar er viktig for alle våre forskarar. Spesielt viktig er det for dei delane av verksemda vår som ikkje enkelt kan søke på handlingsretta program i Forskingsrådet, EU eller andre stader, seier Fimreite til På Høyden.

FRIPRO-midlene vert fordelt mellom tre kategoriar: FRIHUMSAM, FRINATEK og FRIMEDBIO. Ved tildelinga for 2014 får humaniora og samfunnsvitskap 150 millionar kroner, matematikk, naturvitskap og teknologi får 211, og prosjekt innan medisin, helse og biologi får 246 millionar.