Hjem
Aktuelt
Forunderleg forsking

Kvifor søv vi?

Søvnen er døden sin bror, sa Homer. Men fakta er at ein vert deprimert, ukonsentrert og sjuk av for lite søvn.

Illustrasjonsbilete til saken
Søvn styrkar immunforsvaret og gjer at hjernen fungerer slik han skal.
Foto/ill.:
Jens K. Styve - illustrasjon

Hovedinnhold

Kvifor søv vi?

– Det er eit mysterium, men det er mange teoriar. Før trudde ein at kroppen gjekk i dvale. Men i dag forstår vi meir om kva som er viktig med søvnen. Den siste hypotesen er at søvn er viktig for hjernen. Hjernen får rett og slett tid til å senka tempoet og synkronisere seg.  Då kan hjernen bygga opp att kommunikasjonen mellom nevronane. Søvnen hjelper hjernen til å fungere slik det skal, seier
Janne Grønli, søvnekspert ved Universitetet i Bergen.

 

Kva skjer med kroppen og hjernen når vi søv?

– Musklane slappar av, pusten vert langsommare, og pulsen og kroppstemperaturen synk. Søvnen er delt inn i ulike periodar, nonREM- og REM-søvn, som vekslar gjennom ein søvnsyklus. Vi har om lag fire eller fem søvnsykluser i løpet av natta som varer om lag 90 minutt kvar. NonREM-søvn er prega av langsom aktivitet i hjernen. Under REM-søvnen er derimot hjernen veldig aktiv. Kroppen er heilt roleg og musklane er paralyserte. Søvnen kjennest derfor svært djup, men hjernen er aktiv. REM-søvnen førekjem lite i starten av natta, men aukar på mot slutten. Når vi søv tar hjernen imot mindre stimuli og bruker mindre energi når enn når vi er vakne.

 

Kva skjer om ein bestemmer seg for å ikkje sova?

– Det første som vil skje er at ein vil bruka mykje meir tid på å reagera. I eit eldre studium undersøkte ein personar som haldt seg vakne i 16 timar. Dei presterte like dårleg som personar med 0,5 i promille. Det er også forska på menneske som har korta ned sovetida si til fem timar natta, dei utvikla etter ei tid ein høg score på depressive tankar. Så det neste som vil skje er nok at ein ikkje vert så glad til sinns. Lite søvn over lang tid aukar også faren for hjarte- og karsjukdommar, visar forskinga.

 

Kan ein døy av å ikkje sova?

– Nei, det er lite som tyder på det. Nokon seier dei kan vera vakne i vekevis, men mest sannsynleg stemmer det ikkje, dei har kanskje sovna utan å vera heilt klare over det. Det er gjort labforsøk på rotter som ikkje sov, dei døydde etter to veker. Det var fordi immunforsvaret deira vart svært dårleg. Søvn styrkar immunforsvaret, det vert frigjort veksthormonar, det visast ein topp i celledeling og kroppen vert styrka.

 

Kva er det lengste nokon har gått utan søvn?

– Verdsrekorden vart sett av ein gut som haldt seg vaken i elleve dagar. Etterpå sov han i fjorten timar.  Det er ikkje slik at ein tar igjen tapt søvn med den tilsvarande tida ein har vore vaken, kroppen tar den søvnen han treng.

 

Men kvifor søv vi om natta?

– Me er pattedyr, og treng dagslyset for å finna mat. Mennesket sin døgnrytme vert stilt etter sola. Melatonin er kroppen sitt døgnrytmehormon, den vert skilt ut i kroppen når det er mørkt, med ein topp midt på natta. Lys gjer at kroppen ikkje skiljer ut stoffet i kroppen. Det er noko av grunnen til at det er viktig å få nok lys om vinteren for å halda på døgnrytmen, og motsett at det kan vera lurt å stengja lyset ute når vi skal sova om sommaren.

 

Ja, kva er eigentleg ei god natts søvn?

– Ei god natt søvn er at du har sove lenge nok og uforstyrra slik at du føler deg utkvilt på dagen. Er du trøytt på dagtid, er det mest sannsynleg fordi søvnlengda er for kort eller søvnkvaliteten for dårlig.

 

Artikkelen er henta frå Universitetet i Bergen sitt forskingsmagasin Hubro. 
Les bladet på nett, eller teikn deg gratis som abonnent ved å senda oss ein e-post.