Hjem
Aktuelt
Bok

Likestillingas korte historie

Likestillinga i Noreg var ikkje så mykje å skryta av før Gro Harlem Brundtland danna si første regjering i 1986. No er likestilling blitt ei norsk eksportvare.

Ved Stortingsvalet i 1909 fekk kvinner frå borgarskapet og middeklassen røysta for første gong i Noreg.
Foto/ill.:
Anders Beer Wilse

Hovedinnhold

I 1814 var det ikkje eingong aktuelt at kvinner skulle få røysterett. I dag ser Noreg på seg sjølv som eit likestillingsland.Boka Norsk Like­stillingshistorie 1814–2013 tar på seg jobben med å fortelja likestillinga si historie gjennom 200 år.

– Det er ei overordna forteljing om likestillinga og Noreg, korleis omgrepet kom hit og vart ein del av det nasjonale sjølvbiletet. Men me går også djupare ned i somme tema og personar, seier Hilde Danielsen om boka, som kom ut i 2013.

Boka vart bestilt av Barne-, likestillings- og inkluderings- departementet.

Kulturvitaren Danielsen har vore prosjektleiar for boka, og har arbeidd med medforfattarane historikar Eirinn Larsen og filosof Ingeborg W. Owesen. Ein komite med fagpersonar har vore med for å hjelpa til og rettleia, mellom anna Ida Blom og Inger-Elisabeth Haavet frå UiB.

 

Ikkje berre kjønn

Med éi bok til rådigheit, 200 år med historie og éitt år å skriva på kan ein ikkje ta med alt.

– Ein ber om trøbbel når ein må velja vekk mykje, nokon vil alltid sakna noko. Men me har hatt ein plan, og står for den. Dette er ikkje berre historia om kvinnerørsla eller  feminisme, men om omgrepet likestilling og det ulike innhaldet som har vore knytt til det, seier Danielsen.

 Var Noreg tidleg ute når det gjaldt likestilling?

– Både òg. Me var tidleg ute med den almenne røysteretten i 1913, men me var ikkje først, og fleire land fekk det like etter. Utover det hadde me ikkje så mykje å skryta av før Gro Harlem Brundtland sin «kvinneregjering» i 1986.

I boka er det berømte biletet av Brundtland på Slottsplassen iført rosa sko, og omkrinsa av 50 prosent kvinnelege statsrådar, som gjekk verda rundt og starta omdømmebyggjinga av Noreg som eit likestillingsland.

 

Eksporterer likestilling

– Historia om likestillingslandet Noreg vart tydeleg etablert på 90-talet. Fram til då hang vi etter dei nordiske naboane våre når det gjaldt viktige likestillingsfaktorar som barnehage, økonomisk likskap og politisk representasjon.

No er likestillinga ei eksportvare, og ikkje minst ein del av nasjonalkjensla. Noreg toppar likestillingsstatistikkar internasjonalt.

– Det er verdt å merka seg at somme statistikkar handlar meir om velferd enn likestilling. At me er høgt oppe på statistikkar som handlar om tryggleik for mor og barn, er ikkje rart i eit i-land, seier Danielsen.

Korleis trur du likestillingshistoria vil sjå ut om 100 år?

– Det vil eg ikkje spå om, men eg er spent på om det vert meir debatt rundt mannsrolla i åra framover. Ikkje minst vert likestillingsperspektiv i eit globalt og internasjonalt perspektiv viktig, seier Danielsen.

 

Artikkelen er henta frå Hubro, UiB sitt forskingsmagasin. Det er gratis å abonnera, berre send oss ein e-post. Du kan også lesa magasinet på nett, eller lasta det ned som PDF.