Hjem
Aktuelt
Mat

Ølbrygging gjer tradisjon til trend

Tradisjonar og sosiale fellesskap er viktige ingrediensar når folk no har fatta ny interesse for ølbrygging og lokal mat.

EI REISE I TID – ØL ER DEN NYE VINEN: Øl var ein kulturdrikk for dei gamle vikingane, og den katolske kyrkja førte vikingarven vidare før måtehald og forbod tok over. Med industrialiseringa vaks det fram masseproduksjon, men i dag ser ein tendensar til at gamle bryggetradisjonar blir omfamna av nye generasjonar.
Foto/ill.:
Oda Valle, illustrasjon

Hovedinnhold

– Øl er verdas eldste drikk. Ein har funne spor av øl som er mykje eldre enn spor av vin, seier etnolog emeritus Wigdis Espeland. Ho har tidligare forska på mellom anna livet til heimlause alkoholikarar i Bergen og musikk- og folkedanstradisjonar. I dei siste åra har ho konsentrert seg om eit prosjekt om ølbrygging og mattradisjonar. Som metode nyttar ho intervju og kartlegging av ulike historiske kjelder.

Espeland fortel at ein i riktig gamle dagar brygga øl til festlege høve, slik som til vintersolverv og gravferder. Både brygginga og drikkinga var forbundne med sosiale lag. Det var gjerne naboar som gjekk i lag om brygginga, medan det i dag ofte er vener eller ølhundar som bryggar saman.

– Det nye no er at smak er viktig. Ein skal nyte ølet og prate om det, det handlar ikkje om å bøtte nedpå. Det er mange av dei same som har vore opptekne av å smake mat og vin frå andre land, som no er interessert i ølbrygging og lokal mat, seier Espeland og peiker på at det handlar om å kjenne tradisjonane og utvikle dei vidare, ikkje berre om å bevare.

 

Nye sosiale fellesskap

Bondens marknad og Bergen ølfestival er blant symptoma på den nye trenden. Sentralt står sosiale fellesskap. Folk kjem i lag for å handle, diskutere oppskrifter og smake. Det finst mange ølbryggarlag som deler kostnadane, arbeidet og gleda med å smake på ølet. På ølfestival finn ein òg folk som bryggar åleine og øl frå småskalaprodusentar, som konkurrerer om å lage det beste ølet. Wigdis Espeland har i fleire år sjølv vore dommar i ein konkurranse om det beste heimebrygget på Voss, der det finst lange tradisjonar for å brygge øl.

Ho viser til at trenden òg har gitt auka volum og omsetnad av øl frå småskalaprodusentane. Dei bryggar tradisjonelle, lokale variantar og utviklar eigne versjonar av øltypar med opphav i andre land, som til dømes india pale ale (IPA) og stout. Ølprodusentar som Ægir i Flåm og Kinn i Florø er representantar for denne småskalanæringa som held til utanfor allfarveg, og som gjer det godt om dagen.

 

By og land, hand i hand

Slik blandar by og land, tradisjonar og trendar seg saman. Medvit om globale utfordringar og berekraftig matproduksjon er ein viktig faktor når det gjeld interessa for kortreist mat.

– Eg ser interessa for lokal mat og ølbrygging som ein samansett trend og som ein reaksjon mot næringsmiddelindustrien. Folk vil vite kva dei et og kvar maten kjem i frå, meiner Espeland. Ho fortel at dei i bryggarmiljøa òg er opptekne av å bruke lokalt dyrka korn og humle dersom det er å få tak i.

 

Gudedrikk, fyll og sosial justis

Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava

Orda er henta frå Håvamål, ei samling av nedskrivne levereglar for skikk og bruk frå mellomalderen. I fleire strofer vert det åtvara mot å drikke for mykje. Samstundes er det ikkje tvil om at øl hadde ein viktig plass i samfunnet. I Gulatingslova frå 1000-talet står det at ein fekk bot dersom ein ikkje var med å brygge eller møtte til felles drikkelag. I mellomalderen skulle kvinner og menn, vaksne og born, høge og låge skåle for helgenar og kongar.

– Det heldt ikkje berre å skåle, for rusen vart sett på som noko guddommeleg. Var det nokon som ikkje vart påverka, kunne det vere eit teikn på at dei sto i kontakt med djevelen, fortel Espeland.

Etter reformasjonen var prestane meir opptekne av å preike måtehald enn tidlegare, men folk brygga og drakk i lag likevel. Espeland legg til at fyll alltid har blitt sett ned på i stabile samfunn, sjølv om øl var ein del av fellesskapen.

– Utfordringane med alkoholen kjem best til syne når samfunnet er i endring. Eit døme på dette er då industrialiseringa tok til i Noreg og folk flytta tettare saman. Fråveret av kjende sosiale strukturar gjorde fyll til eit synleg problem, forklarar Espeland. Som motreaksjon vaks fråhaldsrørslene fram utover på 1800-talet.

 

Bruker mindre pengar på mat

I eldre tider hadde dei kunnskap om råvarer, lokale næringsressursar og ølbrygging, fordi kvar gard meir eller mindre måtte klare seg med det dei kunne lage og skaffe sjølve. Trass i aukande interesse for kortreist mat og heimebrygg, er vi fortsatt eit folkeslag som handlar det aller meste av maten vår hjå nokon få, store billegkjedar.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at utgiftene våre til mat berre utgjer 11 prosent av eit gjennomsnittleg hushald. Til samanlikning brukte dei i etterkrigstida nærare halvparten av løna si på mat. Wigdis Espeland meiner at det likevel er håp:

– Til og med Rema 1000 har no fått lokal mat i hyllene sine. Dei har skjøna at vil folk vil ha det og ser at dei kan tene pengar på det.

Så no kan bevisste forbrukarar handle ost frå ein gard der ingen skulle tru at nokon kunne bu, sjølv på sin lokale supermarknad.

 

Denne artikkelen er henta frå Hubro 01/2014, UiB sitt forsknings- og utdanningsmagasin, som er tilgjengelig no. Du kan lese heile magasinet på nett eller laste det ned som ein PDF.

Det er gratis å abonnere på Hubro. Send oss ein e-post med adressa di, så får du Hubro gratis i posten to gonger i året.