Hjem
Aktuelt
Grunnlovsjubileet

Grunnlovsmaraton på NRK2

9. til 10. mai skal forskarar presentera grunnlova og virkningane den har hatt i 24 timar, direkte frå Eidsvollsbygningen. Eirik Holmøyvik frå UiB skal konkurrera med Skavlan på fredagskvelden.

Eidsvollsbygningen skal husa maratonsendinga på NRK2.
Foto/ill.:
Hans A. Rosbach

Hovedinnhold

– Det er kjempestilig, det er berre i Noreg dette ville skjedd. Ei 24 timar lang førelesingsrekkje, direkte på TV, det er ein galskap i det, seier Eirik Holmøyvik, professor på Det juridiske fakultet.

Holmøyvik held to førelesingar i løpet av maratonsendinga på NRK2.  Sendinga "1814 på 24 timer"  er eit samarbeid mellom Forskningsrådet,  museet Eidsvoll 1814 og NRK. Målet er å formidla ny forskning og anna aktuell grunnlovsforsking til et breitt publikum. 50 forskere fra ulike fag vil dela sin kunnskap med sjåarane for å gi et oppdatert og heilskapleg bilete av 1814 og grunnlovshistoria fram til i dag.

Følg med på NRK si sending frå fredag.

Andre deltakarar frå UiB er Arne Solli, førsteamanuensis i historie og Tore Grønlie, professor i moderne historie.

 

Formidling med maks effekt

Holmøyvik har hatt ein travel vår, og kjem rett frå Paris og føredrag der. Dei siste åra har han gjeve ut to bøker, Tolkingar av Grunnlova og Maktfordeling og 1814. Han har også skrive artiklar om Grunnlova i mellom anna Bergens Tidende.

På Eidsvoll skal han halda to førelesingar , "Folkesuverenitet eller maktfordeling? Kampen om Grunnlova etter 1814" og "Maktfordeling og folkesuverenitet i 1814". Å formidla forsking til eit større publikum er ei viktig oppgåve, meiner Holmøyvik.

– Om eg berre når ut til 1000 menneske er det sjølvsagt mange fleire enn ei førelesing på universitetet eller til ei foreining. Dette vert ei førelesing med maks effekt, sjølv om eg konkurrerer mot Skavlan på fredagen.

 

Skriv TV-historie

24 timar med formidling inneber ikkje berre formidlingshistorie, men også TV-historie.

– Dei siste åra har sakte-TV vorte godt etablert som sendeformat hjå NRK. Men dette konseptet er heilt nytt. Vi har aldri tidligare gjennomført dette som kunnskapsmaraton over et heilt døgn, og det gleder vi oss stort til, seier Thomas Hellum, prosjektleiar i NRK til Noregs Forskingsråd.

Tidlegare har Frank Aarebrot maratonførelest om norsk historie med stor suksess.

– Vi lever kanskje ikkje heilt opp til Aarebrot, han er unik. Men det er ei spanande historie som vil verta fortald i sendinga, og det trur eg folk vil synast er interessant. Og det er flott at det er norsk forskingsfront som kjem til å vera på skjermen, og leggja fram forskinga si på ein slik måte at dei fleste vil forstå, seier Holmøyvik.