Hjem
Aktuelt
Universitetsranking

Universitetet i Bergen får gode karakterar i EU-ranking

UiB får toppkarakterar for si forsking og internasjonale orientering i den EU-finansierte universitetsrangeringa U-Multiranks.

Multirank Logo

U-Multirank er eit rangeringsprosjekt finansiert av EU-kommisjonen. Målet er å gi studentar og andre høvet til å samanlikna institusjonar og fagmiljø utfrå utvalde indikatorar som brukaren sjølv vel ut. Rangeringa baserer seg på kvalitative og kvantitative data frå institusjonane sjølve samt frå spørjeundersøkjingar av studentane, med mål om å skapa ein meir nyansert rangering. 

Universiteta vert målt i 30 kategoriar, og rangert frå A (svært god) til E (svak).

Sjå rangeringa her.

UiB får A eller B innan alle kategoriane for forsking. Forskinga frå UiB vert mykje sitert, noko som resulterer i ein B i kategorien siteringar.

– Dette viser at forskinga frå UiB held høg kvalitet og har gjennomslagskraft, skriv rektor Dag Rune Olsen i eit blogginnlegg.

UiB får toppscore innan fleire kategoriar som gjeld den internasjonale orienteringa, som studentmobilitet, andelen internasjonal stab, internasjonale sampublikasjonar og internasjonale doktorgrader. 

– Ambisjonen vår om å vera eit internasjonalt retta universitet lever i beste velgåande, skriv rektor. 

Les heile blogginnlegget her for meir tal og detaljar.