Hjem
Aktuelt
News

Poteta som kunne brukes til alt

Sprit og svolt gjorde poteta populær. I 250 år har den hardføre rotfrukta redda nordmenn frå svolt og skjørbuk. Sjølv ikkje Fedon-dietten har klart å fjerna poteta frå norske matfat.

Illustrasjon av potetprest
Dei såkalla potetprestane bidrog sterkt til utbreiinga av poteta i Noreg. At ho òg kunne nyttast til å laga sprit skada heller ikkje for populariteten til poteta. Illustrasjon: Tini Malitius
Foto/ill.:
Tini Malitius

– Poteta stammer frå Andesfjella i Latin-Amerika, der hadde dei alt dyrka poteter i 10 000 år då europearane kom dit. Dei tok poteta med seg til Europa, først til Portugal. Det var i 1567. Men det tok lang tid før poteta kom til Noreg, det var først rundt 1750, seier Kirsti Lothe Jacobsen, førstebibliotekar ved Bibliotek for juridiske fag ved Universitetet i Bergen.

I 2008, FN sitt internasjonale potetår, laga ho ei utstilling om poteter i norsk lov, og har dermed meir potetkunnskapar enn dei fleste.

 

Kven tok poteta med til Noreg?

– Det var prestar og militære, dei reiste mykje rundt i Europa og fekk med seg at poteta var både god og næringsrik. Dei planta poteter i sine prestegardar, særleg på Vestlandet i byrjinga. Me fekk uttrykket potetprestar, som spreidde bodskapet om potetene frå preikestolen. Det var ofte dei viktigaste dei preika om. Det var mykje skjørbuk og c-vitaminmangel i det norske folk, og poteter hjelper jo mot det. I tillegg var poteta lett å dyrka i det norske klimaet og jordsmonnet. Potetprestane såg kor viktig poteta var.

 

Men det gjorde ikkje folk flest?

– Nei, i byrjinga var det ein veldig motstand mot poteta. Det gjekk rykte om at ein kunne verta spedalsk av å eta dei. Prestane klarte etterkvart å overtyda folk, men det var først under Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet at poteta fekk skikkeleg fotfeste i den norske kosten. Då blokkerte britane skipsfart til og frå Noreg, og ein fekk ikkje importert korn frå Danmark og det vart hungersnaud. Ein fann raskt ut at ein kunne erstatta korn med poteter. Potetpresten Hertzberg skreiv at poteta redda heile Bergen og Sunnhordland frå svolt.

 

Og då vart poteta populær?

– Ja, ikkje minst fordi ein fann ut at poteta eigna seg utmerka til å brenna sprit, det vart raskt veldig populært. Stortinget vedtok ei lov som gjorde spritbrenning lovleg i 1816, så sant ein ikkje brukte korn. Det førte til ei veldig oppblomstring av potetdyrking i Noreg. Under andre verdskrig vart poteta veldig viktig att. Då vart mest alle hagar grovne opp for å dyrka poteter til matauk, og dei som ikkje hadde hagar planta poteter inne i krukker og kar.

 

Kvifor har poteta vore så viktig i Noreg?

– Poteta er hardfør og kunne dyrkast i Noreg utan problem, på omtrent alle flekkar av landet. Ikkje minst er ho svært næringsrik. Noreg har vore eit fattig land, og når somme delar av avlinga svikta, til dømes korn, så var poteta der og redda folk.

 

Korleis trur du poteta si framtid ser ut?

– No er poteta i kamp med ris og pastavarer, og har fått litt skurkestatus på grunn av Fedon Lindberg og andre. Me et mykje mindre poteter enn før. I 1959 åt den gjennomsnittlege nordmann 88 kilo poteter, og i 2007 åt ein berre 22 kilo i løpet av eit år. Samstundes et me mykje meir tilverka potetprodukt som chips og liknande; 36 kilo i løpet av eit år. Uansett trur eg alltid poteta vil vera ein del av det norske kosthaldet, og om me får ei matvarekrise i framtida vil me alltid ha poteta som ei matvare me kan overleva på.