Hjem

Aktuelt

Juss

Tre element for å bekjempa korrupsjon

Sjølv ein sunn organisasjon kan ha korrupsjon, men det tyder ikkje at den er pill ròten. Spørsmålet er korleis ein handterer det, meiner Tina Søreide.

Mann som går over en strek på et torg, fotografert ovenfra.
Korrupsjon er eit stort problem, men det kan bekjempast. Det seier forskar Tine Søreide.
Foto:
https://www.flickr.com/photos/loop_oh/5422896158/

I boka Korrupsjon: Mekanismer og mottiltak skriv samfunnsøkonom Tina Søreide at korrupsjon handlar om at avgjerder som skulle vore til det beste for felleskapet, vert selde og kjøpte til fordel for enkeltindivid. Søreide er i permisjon frå ei forskarstilling ved Chr. Michelsens Institutt og no tilknytt Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Boka drøftar årsaker til korrupsjon og konsekvensar av problemet, og ikkje minst kvifor det er vanskelig å verta kvitt korrupsjon. Søreide fortel at boka er skriven med utgangspunkt å nå studentar, men også med eit mål om å nå fleire. Ho meiner at media sitt fokus ofte vert retta mot bedrifter og deira eventuelle korrupsjon, men korrupsjon er komplekst og handlar om samfunnstrukturar.

– For å forstå korrupsjon må ein skjøna korleis individ fungerer moralsk, men også korleis samfunnet som individet eksisterer i fungerer. Slik sett vil eg gjerne nå både byråkratar og politikarar i tillegg til studentar.

 

Fleire døme frå Norge

Boka har eit internasjonalt perspektiv, men viser også fleire norske døme på korrupsjon. Ein vassverksjef på Nedre Romerike er eit slikt døme; gjennom ei årrekkje tappa han offentlege selskap for kring 70 millionar kroner og vart sett på som ein økonomisk velgjerar og «julenisse» for lokalsamfunnet, inntil korrupsjonen og tjuveria vart avslørte.

Korrupsjon føregår som regel i det skjulte. Kva veit vi eigentleg om korrupsjon? Og korleis forskar ein på det usynlege? I boka skildrar Søreide forskinga på korrupsjon. Mykje av dei statistiske analysane i undersøkjingar og indeksar er baserte på for dårlege data, meiner forfattaren.

– Store statistiske analysar seier lite. Det er derimot gjort undersøkjingar i mindre miljø, til dømes innan helse, her kan ein få eit meir konkret resultat, meiner ho.

Trass avsløringar rundt både Statoil og Yara kjem Noreg godt ut på internasjonale statistikkar.

– Noreg har ein god statleg struktur, samanlikna med mange andre land. Det er ein grunn til at vi er godt rangert på indeksar. Samtidig handlar det ikkje berre om moral, men gode integritetssystem. Men når det er lov, er mange nordmenn ikkje seine med å utnytta utanlandsk arbeidskraft til tre kroner timen om dei får sjansen til det, fortel ho.

 

Mogeleg å bekjempa korrupsjon

Kan ein verta kvitt korrupsjon?

– Eit samfunn treng tre element for å bekjempa korrupsjon: Moral og gode normer, tilgång til informasjon, og ein juridisk plattform som gjer det mogleg å ansvarleggjera dei involverte. Ansvarleggjeringa krev både at folk reagerer på skittent spel, og eit fungerande rettssystem. Varslarar og media kan snu ein kultur. Det er mogeleg å bekjempa korrupsjon, seier Tina Søreide.

Artikkelen er henta fra UiBs forskingsmagasin Hubro, som kjem ut to gonger i året. Du kan lese magasinet gratis på nett (Issuu.com), eller laste det ned som PDF.