Hjem
Aktuelt
MArin forskning

Marint forskingssamarbeid med Japan

Både Japan og Noreg er marine nasjonar med mange felles interesser. Marin sektor og -forsking er temaet for årets Norway-Japan Science Week.

Kart over Japan, illustrasjon
Ein forskardelegasjon frå Bergen vitjar Tokyo og The Norway-Japan Marine Science Week 2014. Marin forsking og klimaendringar er nokre av områda der samarbeidet gror mellom landa.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Trygg sjømat, havbruk og andre næringar knytta til ressursane i og frå havet er nokre av temaa på Forskingsveka i Tokyo denne veka. I tillegg er forskning om havrelaterte tema som havis, havforsuring og klimeendringar også på timeplanen i Japan.

Professor Noel Keenlyside frå Geofysisk institutt er ein av forskarane frå UiB som er i Japan, der viserektor for internasjonalisering Anne Christine Johannessen, Eystein Jansen og Are Olsen også deltek.  

 

Søkjer nye partnerar

Keenlyside forskar på korleis havet speler ei viktig rolle i korleis ein forutseia klima og klimaendringar. Han ser på forskingsveka i Japan som eit høve til å promotera norsk forsking og søkja nye samarbeidspartnerar. Han er alt i samarbeid med fleire japanske forskarar.

– Slike samarbeid vil eg gjerne styrka. I tillegg er møtestader som Norway-Japan Science Week alltid stimulerande. Vi deler idear og utvider kunnskapane våre, seier Keenlyside.

 

Havet bind oss saman

Han trur Japan og Noreg har mykje til felles når det gjeld marine interesser.

– Begge er land som er avhengige av og påverka av havet, både når det gjeld klima og næringar som fiske. Eit av måla med å reisa til forskingsveka er å dela metodar og teoriar, og skapa nye samarbeid.

 

Søkjer EU-midler

For tida er Keenlyside opptatt med søknadsprosessen til eit ERC Consolidator Grant. Slike EU-løyvingar skal støtta forskarar som er i startfasen på eit eige forskingsprogram eller forskingsgruppe. 

Les meir om UiB sine sentrale ERC-prosjekt her.

Keenlyside vil forska på klimaprediksjon. Modellar for å forutseia framtidas klima skal gjerast sikrare og feil skal lukast ut.

– På dette feltet er det gjort store framsteg, men det er mykje arbeid som står att, seier han. Han understrekar at søknadsprosessen rundt eit ERC Consolidator Grant er lang og at konkurransen om dei få løyvingane er hard. 

Les denne artikkelen for meir om Keenlyside si forsking på korleis Nord-Atlanteren påverkar veret.

 

Meir forsking på Bjerknes

I tillegg til Keenlyside si forsking har Bjerknessenteret fleire prosjekt som utvilar klimaprediksjon. Eit døme er EPOCASA-prosjektet som utviklar eit norsk klimaprediksjonssystem og er støtta av Forskingsrådet. EPOCASAbyggjer på PRACTICE prosjektet ved Senter for Klimadynamikk (SKD). Andre prosjekt er det EU-støtta PREFACE-prosjektet og NordForsk-prosjektet GREENICE.