Slik skal dei redda journalistikken
På Infomedia skapar studentane nye teknologiske løysingar som inspirerer og hjelper mediaaktørar på Vestlandet.

Hovedinnhold
Kurset ”Journalistisk mobilapplikasjon" nærmar seg slutten for dei 11 studentane som det siste halvåret har arbeidd med to appar til smarttelefonar. På eit seminarrom med brus og saltstenger og tilhøyrarar frå Institutt for informasjons- og medievitskap og inviterte gjester vert utkasta til appane vist fram. Eit bymedium geleider både turistar og lokalkjende gjennom byen, der lokasjonsbasert informasjon på øyret gir brukaren dokumentarisk kunnskap om byen.
Ein bybaneapp i utvikling kan gi reisande nyhende og aktuelle hendingar tilpassa bybaneturen, avhengig av lengden på reisa, humør og tid på dagen. Nokre dagar tidlegare har bachelorstudentane mellom anna vist fram ein redesign av Bergens Tidende sin Bergenpuls og sitt forslag til eit nytt system for korleis lesarar kan senda inn sine lesarbilete direkte frå mobilen sin til nettaviser.
Realistiske prosjekt
Den siste appen har Tove Knutsen, utviklingssjef multimedier i Bergens Tidende vore ein av rettleiarane for. Ho seier studentane har jobba hardt og strukturert med sitt forslag.
– Dette er realistiske prosjekt, sjølv om det må justeringar til før vi eventuelt kan bruka det, seier ho.
Professor Lars Nyre har vore kursleiar for begge kursa, INFOMEVI173 og INFOMEVI270.
– Dette er utviklingskurs. Studentane lagar heilt konkrete ting ein kan kalla medier, gjerne ein måte å presentera ting redaksjonelt på. Det er ein god måte å læra seg bransjen på og få ein praksis for kunnskapen sin.
Møter dei unge og kreative
Representantar frå ulike mediebedrifter, mellom anna Bergens Tidende og MobileTech, har delteke i kursa. Nyre trur samarbeidet er nyttig både for studentar, fagmiljø og mediefolk.
– Firmaa i bransjen treng studentar, og undersøkjer potensielle framtidige tilsette. Det er lett å finna døme på gode synergiar mellom studentar og bedrifter. Samstundes får våre studentar relevant praksis.
Tove Knutsen meiner også samarbeidet er fruktbart.
– Dette tyder mykje for begge partar, trur eg. Vi får møta unge og kreative studentar som gir oss innsikt i kva dei meiner vi treng. Det er viktig at dei får arbeidstrening. Elles har me eit mål om å promotera datajournalistikken som eit mogeleg felt å arbeida innanfor, seier utviklingssjefen.
Forsmak på framtida
I vår sende instituttet inn ein søknad om støtte til å oppretta Bergen Journalism Lab, som skal verta ein medielab der ein mellom anna vil eksperimentera med ny og eksisterande teknologi for å skapa journalistisk nyskaping. Dette skal skje i tett samarbeid med medieaktørane i Bergen Meda City, medieklynga der journalistlaben skal vera lokalisert.
Nyre meiner studentane sine innovasjonar på kursa er ein forsmak på kva ein kan venta seg av den mogelege journalistlaben.
– Det er ein måte å jobba på som vil passa fint inn i Bergen Journalism Lab. Me driv alt med dette på instituttet.