Hjem
Aktuelt
Helse

Difor bør du eta meir fisk

Ernæringsforskar Oddrun Anita Gudbrandsen meiner at fisk er godt for både kropp og sjel. Vi spurde ho kvifor.

Oddrun Anita Gudbrandsen
Ernæringsforsker Oddrun Anita Gudbrandsen ved seksjon for medisinsk biokjemi, Klinisk institutt 1, Det medisinsk-odontologiske fakultet.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Du er jo fiskeforskar. Kvifor er du så oppteken av fisk?

– Eg er eigentleg ganske opptatt av å ikkje verta ho fiskedama. Eg forskar ikkje først og fremst på fisk, men på ernæring og korleis forskjellige typar protein kan påverka helse og sjukdommar.

Men det er jo fisk testobjekta dine får?

– Ja, eg hadde ein tanke om at fisk måtte innehalda andre sunne ting enn omega-3-fett, og då har eg valt å fokusere på proteina. Dei som har vore med på undersøkingane har anten fått fiskeprotein gjennom tablettform eller i fiskemåltid. Formålet med undersøkingane har ikkje vore å bevisa at fisk er så sunt, men å finna kva som skjer i kroppen når ein et fisk.

Ja, kva er det som skjer, då?

– Deltakarane i testane har ein del plager, somme har nedsett toleranse for sukker, somme har for mykje feitt i blodet, somme er overvektige. Mange fortel at dei kjenner seg betre etter å ha ete fiskeprotein eller fisk dagleg. Forskinga tyder på at reguleringa av blodsukkeret vert betre og at kolesterolet vert senka. Vi ser at dei overvektige i studia våre ofte får i seg for lite protein i kosthaldet sitt.

Går dei som er med ned i vekt?

– Nokre går litt ned i vekt, mens somme får ein betre balanse mellom fett og musklar. Mykje tyder på at den metabolske helsa vert betre av å få i seg dei rette proteina. Overvektige har ofte infeksjonar i kroppen, det skuldast at kroppen skapar feil reaksjonar på maten og signaliserer ei krise. Når ein har infeksjonar kuttar kroppen ned på feittforbruket. Det passa jo bra i steinalderen; var ein skada trengte kroppen å spara på energien. No gjer dette berre vondt verre.

Eg et fisk omtrent annankvar dag. Er det for mykje eller for lite?

– Kor mykje og kor ofte ein bør eta fisk er noko av det me prøver å finna meir ut av. Litt kvar dag er nok best, trur eg, akkurat som med medisin. Ein jamn overdose fisk er kanskje ikkje det beste.

Kan ein få overdose på fisk, altså?

– Ja, men det resulterer berre i ein diare dersom ein et for mykje feit fisk. Det merkar ein fort.

Er fisk bra for alle? Nokon er jo vegetarianarar og det finst jo menneskeslag som ikkje er i nærleiken av fisk. Nomadar i ørkenen driv ikkje så mykje med flogefiske, vil eg tru?

– Eg trur menneske kan leva utan fisk. Stikkordet er å eta variert og få i seg dei næringsstoffa ein treng. Og ikkje minst finst det jo mange folk berre her i Bergen som aldri et fisk.

Kva samfunnsnytte kan forskinga di få? Kjem alle til å eta fiskeprotein i tablettform om nokre år?

– Eg håpar det vil vera til nytte for mange. Om me klarer å visa at det er skilnad på proteina og at kroppen treng ulike typar protein frå kosten så kan me påverka kostråda. Og om forskinga vår stemmer, så kan me få meir målretta kostråd, òg med tanke på proteintilskot for dei som ikkje får i seg nok protein gjennom kosthaldet. Men ein ting er sikkert: Eg kjem aldri til å stilla meg bak eit slankemedikament. Dette handlar om helse.

Men er det ikkje visse problem knytt til å produsera og konsumera meir fisk enn det me alt gjer?

– Det er sjølvsagt problemstillingar knytt til overforbruk, men det er det same når det gjeld landbruk. Fiskeindustrien har mykje avskjer ein vanlegvis kastar – det er materiale ein kunne brukt til å framstilla tablettar med fiskeprotein og kunne blitt ei ny inntekt for industrien. Og ein kunne også spart mykje ved å eta reine kjøtkjelder, ikkje pizza med kjøt, til dømes. Den måten me et på i dag gjer at vi får i oss mykje anna. Vi burde eta meir rein mat: Kjøt, fisk og grønsaker.

Denne saka er henta frå UiB sitt magasin om forsking og utdanning Hubro. Magasinet kjem ut to gonger i året. Du kan lese magasinet gratis på nett (Issuu.com), eller laste det ned som PDF.