Hjem
Aktuelt
Undersøkjing

UiB vil hjelpe studentar som slit psykisk

Nesten kvar femte UiB-student har alvorlege psykiske plager. Kvinner strevar mest, viser ei ny undersøking.

Kvinnelege studentar slit psykisk
Kvinner føler seg mindre kompetente og opplever at dei meistrar studiet dårlegare enn menn, viser Studentenes helse- og trivselsundersøkelse. (Illustrasjonsfoto)
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Dei fleste norske studentar trivst med å studere og føler dei meistrar kvardagen. Men kvar femte student slit med angst, depresjon og andre psykiske vanskar. Talet er om lag det same ved UiB som på landsbasis, og dobbelt så høgt hos studentar som i gjennomsnittet av befolkninga på same alder. Dette er nokre av funna i Studentenes helse- og trivselsundersøkelse som TNS Gallup har utført for studentsamskipnader over heile landet. 

 

Kjensla av å høyre til

– Dette er ei veldig uheldig utvikling som vi må prøve å snu. Vi ser dei same trekka hos yngre ungdom: prestasjonsjag og høge forventningar går utover helsa. Heile utdanningssystemet har ei utfordring i å dreie merksemda frå eksamen og karakterar til gleda ved å lære og meistre eit fag, seier viserektor for utdanning Oddrun Samdal. Ho er sjølv professor i helsefremjande arbeid og helsepsykologi.

– Det betyr mykje å føle at ein høyrer til eit fagmiljø så tidleg som råd i studietida. Her ønskjer vi å utvide eit studiestart-opplegg frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, til resten av UiB. Meir undervisning i små grupper er eit anna tiltak. Vidare jobbar fem av seks fakultet med eigne studentlokale til sosiale aktivitetar, seier Samdal. Ho ser fram til å sjå nærare på undersøkinga og følgje opp saman med fakulteta ved UiB.

 

Kvinner slit, men gjennomfører

Det er fleire som slit psykisk no enn ved førre undersøking i 2010, og auken er særleg tydeleg hos kvinner. Kvar fjerde kvinnelege student rapporterer om alvorlege psykiske plager. Dei føler seg mindre kompetente og opplever at dei meistrar studiet dårlegare enn menn. Det er derimot små skilnader i faktisk gjennomføring av studiet.

Nrk.no: En av seks studenter er ensomme

Fleirtalet av studentane har fleire nære vener på studiestaden. Åtte av ti UiB-studentar er nøgde med Bergen som studieby, og då særleg med kulturtilbodet.

- Det er kjekt å få stadfesta at studentane trivst her. Det er ein stor fordel at vi held til i sentrum og har kulturhuset Kvarteret. I tillegg trur eg det gode samarbeidet med studentorganisasjonane og Utdanning i Bergen speler inn, seier viserektoren. 

 

God start med fadderordning

Åtte av ti UiB-studentar deltok heilt eller delvis i fadderordninga. Tre av fire var totalt sett nøgde med ordninga, og framfor alt med at dei vart kjende med andre studentar. Undersøkinga viser ein tydeleg samanheng mellom deltaking i fadderveka og kjensla av å verte godt motteken som ny student.

– Eg er sjølvsagt glad for at fadderordninga får så god tilbakemelding. Men vi må ikkje stoppe der - det er viktig å ha det same målet i sikte heile første og andre semester: Studentane må bli godt kjende med den nye kvardagen og knyte seg til fagmiljøet sitt. I tillegg vil vi styrke samarbeidet med Studentsamskipnaden så dei som får psykiske vanskar får hjelp tidleg, seier Samdal.

14 prosent av studentane drikk alkohol fleire gonger i veka, men få har ein direkte skadeleg alkoholåtferd. Talet på studentar som har eit risikofylt drikkemønster har gått litt ned sidan 2010.

 

Treng du nokon å snakke med?

Studentsamskipnaden i Bergen har eigne psykologar med kort ventetid, og dei tilbyr kurs i mellom anna stressmeistring og studiemeistring.