Hjem
Aktuelt
Russland

Putins digitale Russland

Internett har endra Russland. Men Putin strammar grepet om ytringsfridomen på nett.

Vladimir Putin
Russlands president Vladimir Putin
Foto:
Pressefoto/Kremlin.ru

Innhold

#spasiboputinuzaeto eller «takk til Putin for det», skreiv Vladimir Burmatov, politikar i partiet Einskapleg Russland på Twitter i 2011. Han ville gratulera Putin med dagen med eit lite dikt om det fine veret, inspirert av eit ironisk rim frå Sovjet-tida. Gratulasjonen og emneknaggen snudde seg derimot raskt til å verta brukt av meir Putin-kritiske røyster. Trass i aldri å ha brukt Twitter sjølv vart den dåverande statsministeren eit Twitter-fenomen, med 10.000 twittermeldingar som «Ytringsfridom finst berre på nett. #takktilputinfordet».

Dømet frå Twitter opnar boka Digital Russia og viser korleis kulturelle tradisjonar vert kombinert med dei nye media og deira retorikk og teknologi.

– Boka analyserer russisk språkutvikling og korleis ny teknologi har påverka utviklinga, seier professor Ingunn Lunde. Saman med førsteamanuensis Martin Paulsen og professor Michael S. Gorham har ho vore redaktør for boka.

Boka spring ut av forskingsgruppa The Future of Russian: Language Culture in the Era of New Technology ved Institutt for framandspråk. Det tverrfaglege prosjektet samla forskarar frå ulike felt som til dømes studiar av nye medium, sosiolingvistikk, litteratursosiologi og elektronisk kunst.

– Det er ei bok for dei som har faglege interesser i russisk språk, kultur og samfunn, til dømes journalistar, studentar og forskarar. Men eg trur også eit breiare publikum vil kunna ha nytte av å lesa boka, seier Lunde.

 

Sterk identitet, også på nett

Den russiske identiteten er sterk. Det gjeld også på internett. Den russisk-språklege delen av internett, RuNet, er stor. Det finst eigne versjonar av dei store sosiale media som Facebook. Russiske VK er det nest største sosiale nettverket i Europa, etter Facebook.

– Russarane har gjerne sine eigne plattformar og bloggnettverk. Men samstundes er amerikanske Twitter i stor vekst i Russland, seier Lunde.

Det russiske internettet starta som eit pionerarbeid, der ein intellektuell elite etablerte sine fora og nyheitsgrupper.

– Så vart det eit massefenomen. Det heng mellom anna saman med mobilbruk, fortel Lunde.

Men har ny teknologi endra det russiske språket?

– Svaret er ofte at ny teknologi sjeldan påverkar språket direkte, men spreier endringane raskt. På internett oppstår det gjerne kortvarige slang-fenomen. På RuNet var olbansk populært rundt 2005. Poenget med olbansk er å bryta så mange språklege normer som mogeleg.

Det var ikkje berre populært. I Russland står standardspråkideologien sterkt, og Putin sjølv er ein av dei som held den språklege fana høgt.

 

Mindre ytringsfridom

Medan det russiske internettet fram til no har vore ein stad med meir ytringsfridom enn i resten av samfunnet, er nye lovar i ferd med å gjera det vanskelegare å seia det ein vil. Mellom anna er bloggar med meir enn 3.000 daglege lesarar pålagte å registrera seg som massemedia. Dermed er dei underlagde dei same strenge reglane som aviser og andre redaksjonar. Det som av styresmaktene vert kalla «ekstreme ytringar» er ulovleg.

– Det er ein tendens at det som tidlegare har vore opent, no vert underlagt nye og strenge lovar og meir sensur. Eg kan ikkje spå om framtida, men det er interessant å sjå kva som vil skje. Det er mogeleg at russarar i opposisjon vil flykta til ikkje-russiske og opne fora, men då mister dei mykje av gjennomslagskrafta i Russland, trur Ingunn Lunde.