Hjem
Aktuelt
Bok

Stortinget har fått meir makt

Fleire meiner Stortinget si makt har minka med åra. Historikar Tore Grønlie meiner det motsette.

Tore Grønlie
Professor Tore Grønlie er ein av tre redaktørar for boka Stortingets historie 1964 - 2014. Tysdag deltok han på boklanseringa på Stortinget.
Foto/ill.:
Morten Brakestad

Hovedinnhold

– Eg vil hevda at Stortinget har meir makt i dag enn i 1964, seier Tore Grønlie, professor i historie ved Universitetet i Bergen.

Han er ein av tre redaktørar for forskings-og bokprosjektet ”Stortingets historie 1964 – 2014” som ser på dei sentrale utviklingstrekka ved Stortinget og det parlamentariske systemet dei siste 50 åra. Boka vart lansert i Oslo den 14. oktober.

Den 27. oktober vert det vestlandslansering for boka på Litteraturhuset.

 

Meir makt gjennom mindretalsregjeringar

Utviklinga mot meir makt kulminerte under mindretalsregjeringane på 1990-talet. Da gjekk skiftande regjeringar på nederlag etter nederlag i Stortinget og dei folkevalde instruerte ofte regjeringa i detaljspørsmål. På den andre sida fekk Stortinget meir konkurranse frå internasjonale beslutningssentra, rettsleggjæring, aukande domstolsmakt og markedsretting.

 Men også under fleirtallsregjering ser vi trekk som har styrka Stortinget.  Dei siste femten åra har vore prega av store forlik, som til dømes pensjons- og klimaforlika.

 – Dei fleste forlika har vorte til under fleirtalsregjeringar, og ofte er det regjeringane som har teke initiativet til dei.  Det skaffar vedtaka legitimitet og kontinuitet, og det har vore stor oppslutting om dette. Forlika gjer at Stortinget og særleg opposisjonen får meir makt, seier Grønlie.

Han meiner at forsking kring Stortinget og makt har vore prega av litt for mykje pessimisme på Stortinget sine vegne, eller på den andre sida ein kritikk av Stortinget si aukande makt.

– Det har vore viktig for oss å skapa eit meir nyansert bilete av Stortinget. Mange er litt for opptekne av ytterpunkta, seier Grønlie.

 

Endra politikarar

Politikarane på Stortinget har også endra seg. Ikkje uventa er det fleire kvinner på tinget enn i 1964, kring 40 prosent i dag. Ei anna endring er profesjonaliseringa av politikarane, det vil seia at politikarane vert rekrutterte frå partisystemet.

– Fleire politikarar har politikk som karriereveg. Dette er ein internasjonal trend, seier Grønlie.

Fleire politikarar enn tidlegare er rekrutterte frå offentleg sektor, og færre kjem frå det private næringslivet. Dette er ålmenne samfunnstrekk, meiner Grønlie.

Han meiner Stortinget er ein institusjon som representerer folka i Noreg godt. Politikarane deler mykje av dei haldningane og tankane folk har.

Det gjer også at nordmenn i svært høg grad har positive haldningar til Stortinget.

–Stortinget har høg legitimitet i befolkninga, høgare enn i nesten alle andre land, seier Grønlie.