Hjem
Aktuelt
Undersøkjing

– Universitetet i Bergen er ein relevant samfunnsaktør

UiB kan vera med å løysa samfunnet sine utfordringar i framtida. Det meiner majoriteten av dei spurde i ei undersøkjing.

Museet i bergen
I ein omdømmerapport vert UiB skildra som ein viktig bidragsytar for å løysa framtidas problem, særleg i spørsmål kring klima og helsesektoren.

57,2 prosent av dei spurde er ”samde” eller ”litt samde” i at UiB er ein viktig bidragsytar for å løysa framtidas problem, og peiker på klima og helsesektor som viktige område.

Det er også knytt forventingar til at UiB er ein aktiv deltakar i den offentlege debatten. 69,3 prosent av dei spurde meiner UiB bør vera aktive og tydeleg i offentleg debatt.

 

Omdømme på dagsordenen

Dette kjem fram i ei omdømmeundersøkjing utført av Ordkraft, bestilt av UiB. 2819 personar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har delteke. Respondentene er leiarar på ulike nivå i offentleg og frivillig sektor og næringslivet.  73,4 prosent av respondentane arbeider innan privat sektor, 21,9 i offentleg. 83,8 prosent av dei spurde har tilsetjingsansvar.

UiB har bestilt undersøkjinga i samband med arbeidet med ny strategi for universitetet.  Strategien gjeld frå 2016 til 2022. Resultata frå undersøkjinga vert lagt fram tysdag på eit ope møte om UiB sitt strategiarbeid.

 

– Denne undersøkjinga viser at universitetet sin kompetanse og kunnskap vert oppfatta som viktig, men vi må heile tida jobba for å synleggjera kva vi kan tilby samfunnet. Dette er difor eit av fleire gode verktøy vi skal ta i bruk i vårt videre strategiarbeid, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Les heile undersøkjinga her.

 

Viktig for samfunnet

Respondentane i undersøkjinga meiner i stor grad at UiB utdannar kandidatar som samfunnet har bruk for. Dei peiker på medisin, jus og samfunnsvitskap som dei tre fremste fagområda.  

Undersøkjinga viser også at UiB  leverer forsking som er viktig for samfunnet. 74,1 prosent av dei spurde seier seg samde i at UiB er ein solid forskingsinstusjon. Kring 45 prosent meiner forskinga ved UiB er relevant for deira arbeidsplass.

– Det er eit mål for oss å alltid forbetra samarbeidet vi har med omgjevnadane, blant anna arbeidslivet vi utdannar til. Mange av våre kandidatar vil få jobb innan desse sektorane, og det er derfor viktig for oss å vita korleis dei ser på den kompetansen vi gir våre studentar, seier rektor.

Tilsette og studentar ved UiB vert skildra som kunnskapsrike, pålitelige, ryddige og velvillige.

Dei spurde gir uttrykk for at dei norske universiteta har ei viktig rolle i samfunnet. Over halvparten meiner også at universiteta gjev ein annan kunnskap og kompetanse enn høgskulane i landet.

Dokumenter