Hjem
Aktuelt
Grunnforsking

UiB-professor vert vitskapleg direktør ved CAS

Professor Vigdis Broch-Due skal frå januar vera vitskapleg leiar ved Senter for grunnforsking ved Vitskapsakademiet. Sosialantropologen ser mellom anna fram til å vera med og utvikla den tverrfaglege samtalen.

Logoen til CAS
Senter for grunnforskning ligger ved Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo.

Senter for grunnforsking eller the Centre for Advanced Study (CAS)  ved Det Norske Videnskaps-Akademier eit senter der anerkjente forskarar frå Noreg og utlandet vert inviterte til forskingsopphald i eitt år.

I løpet av opphaldet vert forskarane fristilte frå alle andre enn plikter enn den reine forskinga. Målet er å skapa eit internasjonalt og tverrfagleg forskarklima der det er tid til å fordjupa seg i forskinga. Tre grupper med framifrå forskarar frå humaniora og teologi, samfunnsvitskap og jus samt naturvitskap, medisin og matematikk vert årleg samla i senteret. 

 

Tverrfagleg samtale

Professor Vigdis Broch-Due ser fram til å byrja i åremålsstillinga ved CAS.

– Både profil og fokus for Senter for grunnforskning høver med med mi eiga faglege drivkraft i vernet om grunnforskinga og utviklinga av den tverrfaglege samtalen og samarbeidet, seier ho.

Broch-Due er professor i sosialantropologi ved UiB, og har mellom anna hatt fleire undervisnings- og forskarstillingar ved universitet i Washington, Oslo, Uppsala, Cambridge og London, samt ved Rutgers University.

Ho trur CAS sin metode med å samla skiftande forskingsgrupper frå forskjellige disiplinar skapar fagleg nyskaping og nye innsikter om komplekse samanhengar.

– Som uavhengig forskingsinstitusjon speler CAS ei sentral rolle i forvaltinga av dei lange linjene i kunnskapstradisjonen, og dette danningsprosjektet er noko eg ynskjer å bidra til å videreutvikla.

 

Nysgjerrigheit motiverte

Ho har sett seg som mål at CAS skal verta endå betre profilert i den norske offentlegheita.

– Drivkrafta i den visjonære grunnforskinga er nysgjerrigheita, og nysgjerrigheitas vilkår er den frie tanke, det kritiske blikket, den reflekterte kommentaren, og det skjerpa ordskiftet. Desse verdiane er kjernen i eit opplyst demokrati, og representerer sjølve livsnerven i vår akademiske identitet. CAS er ein sentral arena for forvaltinga av disse verdiane, og det var min motivasjon for å søka den spanande stillingen som vitenskapleg leiar ved senteret.