Hjem
Aktuelt
Språk

Kvifor bannar vi?

Faen, fuck, fader, søren! Satan, drit og dra! Vi påkallar Satan. Vi refererer til kroppsfunksjonar. Vi bannar, nesten alle samen. Men kvifor? Og kva er eigentleg banning?

Grafisk illustrasjon av ulike banneord
Det er tre hovudkateogirar banning, seier Gunnstein Akselberg, professor og språkforskar ved UiB.
Foto/ill.:
Illustrasjon: Tini Malitius

Hovedinnhold

– Tabu og kontekst er viktige stikkord når det gjeld banning og skjellsord. Eit bannord vert til ved å riva det ut av den opphavelege samanhengen. Då får det ny kraft og ein ny funksjon. Ein kan godt snakka om sex og avføring, det vert sett på som greitt i ein forventa kontekst – i fagtermar i ei medisinsk lærebok eller på besøk hjå legen. Men når ein engelskmann utbryter «fuck» eller me seier «drit», då får ordet ein ny verdi. Innhaldet vert annleis, seier Gunnstein Akselberg, professor og språkforskar ved UiB.

Kva slags typar banning finst det?

– Det er tre hovudkategoriar. 1, banning med religiøse omgrep. Gud, Fanden, helvete og himmel er nokre døme. 2, banning rundt sex. Her skildrar ein gjerne kjønnsorgan og seier kuk og fitte, eller ein skildrar sex og seier pule eller knulle. I den tredje kategorien brukar ein ord som piss, drit og lort, dei litt skitne kroppsfunksjonane. I tillegg finst til dømes kategoriar som er politisk lada, der ein kallar folk for fascist eller diktator og liknande.

Eg har inntrykk av at nordmenn mest brukar den religiøse varianten av banning. Kvifor det?

 – Sjølve ordet «banning» stammar frå katolisismen. Eit interdikt eller å lysa nokon i bann var ei religiøs straff. Innom katolisismen påkalla ein til dømes Gud og Jesus om ein trengte hjelp, og når ein seier «faen» påkallar ein jo djevelen. Dette har etablert seg i språket som kraftuttrykk, sjølv om me som samfunn ikkje er like religiøse lenger. «Nesten-banning» er ei litt mildare form for denne typen banning: «søren», «fy fader», «salte» og «fakerten» er former av andre og kanskje sterkare bannord, og er nok etablerte for å ikkje direkte påkalla maktene.

 Kvifor bannar vi?

 – Det er ein måte vi uttrykkjer kjensler på. Under press kan sjølv den reinaste sjel seia «Faen» om han eller ho smeller ei tå i eit bordbein. Ein kan nesten seia at å banna kan ha ein smertestillande effekt, om ein gir sterkt uttrykk for det ein kjenner så hjelper det på. Små ungar hyler jo om dei slår seg, men det skal jo ikkje sterke mannfolk gjera.

 Kven bannar mest?

 – Det er vanskeleg å svara på. Det vil vera eit stort vitskapleg prosjekt om me skulle finna det ut. Det finst sjølvsagt visse stereotypiar, og ein tenkjer seg at nordlendingar bannar mykje. Den stereotypien kan me mellom anna takka fjernsynsprogrammet Du skal høre mye frå kroa Rorbua i Tromsø for, trur eg. Og det er jo mange måtar å banna på, nesten-banning, er det banning, til dømes? Så det er ikkje lett å seia.

 Kan bannord mista krafta si og slutta å vera bannord?

 – Ja. «Kødd» og «kødding» er eit døme på det. Det er eit anna namn på eit hanndyr sit kjønnsorgan. Dette er eit ord som for ikkje så lenge sidan var veldig sterkt, men som etter kvart har glidd inn i språket til mange. No er det eit ord du kan lesa i lesarinnlegg. Ein veit kva kuk, pikk og fitte er, men «kødd» veit nok ikkje alle kva tyder.

Kor lenge har vi banna?

 – Alltid. Ser du på runepinnar på museet er det ganske kraftig språk der. Romarane banna, der var det mykje drit og avføring som prega bannespråket. Og ein vil nok alltid banna, vi treng desse kraftuttrykka. Det er sjølve hjartespråket, det kjem fram når ein vert skikkeleg pressa. Mange av bannorda vi brukar i dag vil fortsetja å brukast, men vi vil også få nye.

 Kva er ditt favoritt-bannord?

 – Eg bannar ikkje så mykje, men «Helsiken», «Fanken» og «Søren òg!» er vel dei eg brukar om situasjonen krev det.