Hjem

Aktuelt

Arkeologi

UiB-arkeolog i National Geographic

Forskinga til UiB-professor Christopher Henshilwood får eit 22-siders opplag i januarutgåva av National Geographic.

Frå Blombos-hola, arkeologiske utgravingar
Professor Christopher Henshilwood og medlemmer i forskingsgruppa TRACSYMBOLS i arbeid i Blombos Cave i Sør-Afrika
Foto:
Magnus Haaland

Professor Christopher Henshilwood er ein av forskarane ved UiB som har fått ERC Advanced Grant og er også ein av dei mest siterte. 

Les National Geographic-artikkelen her.

Henshilwood leiar forskingsgruppa TRACSYMBOLS, som er verdsleiande innan sitt felt, saman med professor  Francesco d’Errico. d'Errico publiserte i desember 2014 ein artikkel i Nature om banebrytande arkeologiske funn på Java.

TRACSYMBOLS er samansett av ei internasjonal gruppe forskarar frå europa og Afrika. Henshilwood er professor ved både Universitetet i Bergen og University of Witwatersrand i Sør-Afrika.