Hjem
Aktuelt
UTDANNING

Samarbeider om sivilingeniørar

UiB, HiB og NHH startar no samarbeid om ny sivilingeniørutdanning. Alt til våren blir dei første bergenske sivilingeniørane uteksaminert.

Signerer avtale om sivilingeniørutdanning
Dei tre rektorane Frøystein Gjesdal, Ole-Gunnar Søgnen og Dag Rune Olsen signerte samarbeidsavtalen om sivilingeniørutdanning.
Foto/ill.:
På høyden

Hovedinnhold

Det var i går dei tre rektorane, Dag Rune Olsen ved Universitet i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen ved Høgskolen i Bergen og Frøystein Gjesdal ved Norges Handelshøyskole, signerte den historiske samarbeidsavtalen.

Dag Rune Olsen uttaler til Bergensavisen at han er glad for at dei tre institusjonane saman skaper solid, etterspurt kompetanse. Han meiner at utdanninga vil gagne norske bedrifter både nasjonalt og internasjonalt.

Les meir i På Høyden, UiB si uavhengige avis.

Målet er å utdanne 200 sivilingeniørar i året. Det målet blir nådd i løpet av få år, meiner Ole-Gunnar Søgnen, rektor ved HIB. Til våren kan dei første masterstudentane få sivilingeniør-tittelen på vitnemålet.

Helge K. Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved UiB seier til Teknisk Ukeblad at UiB ynskjer å tilby utdanning som kjem i tillegg til tradisjonell ingeniørutdanning.

– Det handlar vidare om å møte behov i samfunnet her i vest, seier Dahle til Teknisk Ukeblad.

Alt no samarbeider HiB med UiB om ei masterutdanning innan IKT og energi. Undervannsteknologi og medisinsk teknologi er andre utdanningsprogram i kjømda. Eit samarbeid med NHH om faget industriell økonomi er også aktuelt. 

Den felles ingeniørutdanninga er eit av satsingsområda til klyngesamarbeidet Science City Bergen, der både UiB, HiB, NHH, forskningsinstitutt og næringsliv deltek.