Hjem
Aktuelt
Psykologi

Nyvinningspris til angstbehandling

Ei ny intensivbehandling som kan kurera angst og tvangslidingar på fire dagar er kåra til årets nyvinning i norsk psykologi.

Illustrasjonsbilete angst
Angstlidingar rammar mange i løpet av livet. Ei ny behandling kan kurera angsten i løpet av fire intense dagar med terapi.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Den unike behandlinga er utvikla ved OCD-teamet ved Helse Bergen. Gerd Kvale, professor i psykologi ved Universitetet i Bergen, og Bjarne Hansen, postdoktor ved Institutt for klinisk psykologi, leier teamet. Hansen er også psykolog ved Helse Bergen.

Kvale og Hansen mottok prisen i Oslo 24. januar. ”Årets nyvinning” vert  delt ut av Psykologiforbundet, og skal  løfta fram nyvinninger i psykologifaget og ”tydeliggjøre verdien av psykologisk innsikt for individer og samfunn”.

 

Intensiv terapi

Nett-tidsskriftet psykologisk.no skriv at OCD-teamet har utvikla ei intensivbehandling som i løpet av fire dagar kan kurera pasientar som slit med tvangslidingar og angst. Angstlidingar rammar cirka 15–20 prosent av nordmenn i løpet av livet og er ei av dei vanligste årsakene til at unge blir uføretrygda.

I løpet av dei fire dagane går pasientane gjennom ein intensiv eksponerings- og samtaleterapi. Den korte perioden gjer at pasientane får raske og varige mestringsopplevingar.  Til no har 150 pasientar vore gjennom behandlinga.

Gerd Kvale fortel til psykologisk.no om då ho såg ei behandling første gong.  

– Du ser ein pasient som er heilt forkrøpla, og i løpet av tre timar snur det seg og du har ein helt annan person som går ut.

 

Tettare samarbeid

Det heile starta då Kvale hadde to års forskingsfri og brukte tida til å byggja eit tettare samarbeid mellom UiB og spesialisthelsetenesta ved Helse Bergen.

– Eg var overtydd om at det ville føra med seg spanande utviklings­mogelegheiter å føra desse miljøa saman, seier Kvale til psykologisk.no.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var mellom dei som gratulerte vinnarane av ”Årets nyvinning”.

– OCD-teamet i Bergen har gjort ein fantastisk jobb med å etablera eit tilbod til pasientar med alvorlige tvangslidingar i Noreg, seier Høie.