Hjem
Aktuelt
Universitetsstyret

Universitetsstyret drøfta strategi

Det første utkastet til ny strategi for Universitetet i Bergen har arbeidstittelen ”Hav, liv, samfunn” og vart lagt fram for universitetsstyret torsdag.

Illustrasjonsbilete
Arbeidsgruppa som arbeider med ny strategi ynskjer ein kort og presis strategi, utforma gjennom ein brei og open prosess. Universitetsstyret har no vurdert det første utkastet til strategien.

Den gjeldande strategien for UiB gjeld ut 2015, og arbeidet med ein strategi for 2016 til – 2022 pågår no. Utkastet til strategi har fått arbeidstittelen ”Hav, liv, samfunn” med undertittelen ” Kunnskap som former samfunnet”.

Les meir om strategiarbeidet her.

 

Fire hovudoppdrag

Utkastet gir UiB fire oppdrag: ”Vi utforsker”, ”Vi utdanner”, ”Vi utvikler” og ”Vi utfordrer”. Med utgangspunkt i oppdraga vert det sett opp fire mål for UiB sin strategi mellom 2016 og 2022:

 

  • UiB skal utvikla fleire leiande forskningsmiljø. Innan 2022 skal alle våre fakultet ha minst eitt verdsleiande fagmiljø, og fleire med internasjonal toppstandard.
  • UiB skal bli ein endå meir attraktiv studiestad. Innan 2022 skal talet på primærsøkarar per studieplass  auka med minst 20 prosent.
  • UiB skal ha langvarige og utviklingsorienterte relasjonar med myndigheiter, næringsliv, organisasjonar og sivilsamfunnet. Innan 2022 skal eit fleirtal av verksemdene på Vestlandet sjå på UiB som ein viktig ressurs og samarbeidspartner.
  • UiB skal styrka det offentlege ordskiftet og den kunnskapsbaserte samfunnsutviklinga gjennom god formidling og dialog i samfunnet, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Innan 2022 skal vi vera leiande i Norge på digital formidling.

 

Arbeidsgruppa har sett opp fleire tiltak og aktivitetar som er ein føresetnad for å lukkast. Det inneber mellom anna etablering av kunnskapsklynger, infrastruktur, organisasjonsutvikling, rekruttering, finansiering, digitalisering, internasjonalisering og læringsmiljø. Det vert føreslått at sju forskingsklynger skal vera etablert eller under etablering eller under utvikling i 2022.

 

Open prosess

Arbeidet med strategien har vore ein open og omfattande prosess. Arbeidet er synleggjort gjennom dialogmøte, samarbeid med styret, debatt i På Høyden og informasjon på UiB sine nettsider. Alle tilsette og studentar har hatt høve til å koma med innspel.

Du kan lesa utkastet til strategi her. (Gå til side 13)

Styret kommenterte utkastet til strategi, og var i hovudsak positive. Endringsforslaga frå medlemmene vart noterte, til dømes at satsingane og verkemidla i strategien bør verta meir tydelege og at strategien skal kommunisera også til eksterne  lesarar.

Styret vedtok at strategien kan sendast ut på høyring etter ein runde der ein tar omsyn til forslaga frå styret.         

 

La fram resultatmål

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm vart tilsett før jul. Ved styremøtet vart resultatmåla knytta til stillinga føreslått for styret.  Det er første gongen resultatmåla vert lagt ut opent og offentleg.

Eitt av måla til universitetsdirektøren vert å setja i verk endringar og tiltak som kjem ut av Organisasjonsutviklingsprosjektet (OU). Universitetet er i sluttfasen av OU, som skal utvikla dei administrative tenestene ved UiB.

Universitetsdirektøren skal også leggja til rette for tverrfagelege satsingar ved UiB. Eit anna mål vert å fremja forlag til tiltak og verkemiddel som er naudsynte for at den nye strategien skal setjast ut i livet.

Styret ba rektor om å gjennomføra drøfting med og evaluering av  universitetsdirektøren innan eitt år, i tråd med statens leiarlønskontrakt.

Du kan lasta ned alle sakspapira frå styremøtet her.