Hjem
Aktuelt
Universitetsliv

Ny direktør på SV-fakultetet

Det samfunnsvitskaplege fakultet får ny fakultetsdirektør for første gong på 15 år. Alette Gilhus Mykkeltvedt vil gjera fakultetet endå tydelegare og meir synleg.

– Eg kjem til duk og dekka bord. Avtroppande fakultetsdirektør Lise Gundersen har gjort fakultetet profesjonelt og veldrive gjennom sine femten år, seier påtroppande direktør Alette Gilhus Mykkeltvedt.
– Eg kjem til duk og dekka bord. Avtroppande fakultetsdirektør Lise Gundersen har gjort fakultetet profesjonelt og veldrive gjennom sine femten år, seier påtroppande direktør Alette Gilhus Mykkeltvedt.
Foto/ill.:
Jan Kåre Wilhelmsen

– Eg er ein samfunnsengasjert person, og heldig som får jobba midt i eit miljø med flinke folk som er opptekne av dei store samfunnsspørsmåla og som vil utvikla kunnskap som er relevant for dei utfordringar som samfunnet står i, seier Alette Gilhus Mykkeltvedt.

Frå 20. april skal ho vera den øvste administrative leiaren for Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) ved Universitetet i Bergen. 

Ho ser fram til å ta fatt i jobben, og er budd på fleire utfordringar i åra som kjem.

– SV skal posisjonera seg både lokalt og nasjonalt. Vi må verta meir synlege og meir tydelege.

SV har fleire forskargrupper og forskarar i elitesjiktet. Mellom anna har antropologen Bruce Kapferer fått prestisjetung støtte frå Det europeiske forskingsrådet.  I tillegg er det fleire unge lovande forskarar i fleire fagmiljø som ho er sikker på vil hevda seg i den internasjonale forskingsfronten i åra som kjem.

 

Svarar på samfunnet sine utfordringar

Mykkeltvedt fortel at ein opplever ein aukande konkurranse på mange felt, det er konkurranse om å rekruttere gode studentar og flinke tilsette, i tillegg er det hardare  konkurranse om forskingsmidler.

– For å auka forskingsaktiviteten og utvikla fleire framifrå miljø må vi auka inntektene våre. Vi vil ha fokus på prosjektutvikling og søknader til både EU og forskingsrådet i tida framover, konstaterer Mykkeltvedt.

SV sin nære kontakt med og forsking på samfunnet gjev fakultetet visse fortrinn, meiner ho.  

– Det er store forventingar og store muligheiter. Også forskarar ved SV kan svara på dei store samfunnsutfordringane, til dømes klima og energi, fattigdom, demografi og helse. Desse utfordringane har menneskelege og samfunnsmessige konsekvensar, og det er SV sitt område, seier ho.

Forskarane som er i verdsklassen skal løftast fram og verta meir synlege. Mykkeltvedt trur dei beste forskarane og forskingsmiljøa må byggjast over tid.

– Ikkje alle forskarar kan vera i verdsklassen. Vi må satsa både på breidde og den heilt framifrå forskinga. Ein vert ein god forskar av å vera ein del av eit godt forskingsmiljø med internasjonalt nettverk.

 

Synleg forsking

Korleis skal ein synleggjera forskinga?

– Våre forskarar deltek i samfunnsdebatten med relevant forsking. Det er viktig å vera i dialog med samfunnet. Vi skal ikkje gløyma at det er skattebetalarane sine pengar som finansierer store delar av forskinga vår, seier Mykkeltvedt.

Ei anna stor utfordring er at fakultetet står ovafor eit stort generasjonsskifte. Fleire av den akademiske staben nærmar seg pensjonsalder, og yngre skal inn når dei eldre går av. Ein storstilt rekrutteringsprosess er på trappene.

– Då skal vi tilsetja dei beste. Vi skal både tiltrekkja oss nye talent og leggja til rette for at dei unge og lovande forskarane skal få utvikla seg, bygga dei opp og støtta dei. Katrine Løken, som nett vart den yngste kvinnelege økonomiprofessoren i Noreg, er eit døme på at vi alt er i gang, seier Mykkeltvedt.

 

Utdannar for framtida

Når fakultetet skal verta meir synleg og tydeleg, vil det også påverka rekrutteringa av studentar, meiner den påtroppande fakultetsdirektøren.

– Framtidige studentar skal vita at ved SV får dei ei utdanning og undervising av høg kvalitet og med stor relevans. Tal frå Studiebarometeret tyder på det. Vi må etablera ein god dialog med dei vidaregåande skulane, invitera dei unge inn og verta meir synlege.  SV utdannar kandidatar som går inn i viktige posisjonar både nasjonalt og internasjonalt.