Hjem
Aktuelt
Juss

Eit juridisk puslespel i Nordsjøen

Dei siste 15–20 åra har EU teke over nær alt av miljølovgjeving i EØS-området – også Nordsjøen og dei andre norske havområda.

Fisketråler med nett full av fangst
LOV OG RETT I NORDSJØEN: Norsk lov innan miljø og forvalting av naturressursar blir i stor grad påverka av avgjerder fatta av EU-domstolen. Illustrasjonsfotoet syner ein tysk fisketrålar i Nordsjøen utanfor kysten av Norge.
Foto/ill.:
Thomas Raupach

Universitetet i Bergen satser på klima og energiomstilling, og flere av våre forskere deltar på klimatoppmøtet COP21 i Paris i desember. Les mer om forskning og studier på klima ved UiB.

– Eg likar å bruke biletet av eit puslespel, som eg kallar EØS-puslespelet, der vi som forskar på miljørett prøver å finne brikkene som manglar, seier professor Sigrid Eskeland Schütz ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB).

Her leiar ho forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett (sjå fakta).

– Om ein bruker eit bilete på at EU har kompetansen til å regulere miljørett, landbruksrett og fiskeri i medlemslanda, så gjer dei dette utan omsyn til at EØS-avtalen ikkje omfattar landbruk, naturvern og fiskeri. I staden vil ein sjå at det er skapt eit fint og heilskapleg puslespel, der brikkene jamleg blir lagt på nytt og der reguleringa blir sett i system og finforedla. EU har eit stort og systematisk lovgjevingsapparat. Reguleringa skal vere vitskapleg basert, og endar gjerne med å tene som modell for andre regionar i verda, fortel Schütz og held fram:

– Men dette gjev eit puslespel der EØS-avtalen manglar nokre avgjerande brikker. I norsk samanheng må desse brikkene fyllast ut med norske lover og reguleringar, som må leggje seg tett opp mot EU-reguleringa for at logikken i det rettslege rammeverket skal oppretthaldast.

Jussen vert innhenta av verda

Dei nasjonale lovverka har dei siste åra blitt innhenta av ei rekkje spørsmål knytt til globalisering og regulering på tvers av landegrenser.

– Tradisjonelt var jo norsk rett i fokus og vi i Norge var opptatt av om vi overheldt våre internasjonale avtaler på miljø. Før EU og EØS var det kkje mange handhevingstraktatar. Men særleg etter at EU innførte overvakingsorgan, under EØS-avtala EFTA Surveillance Authority (ESA), har vi fått nokon utanfrå som kikkar oss i korta. Vurderinga av om vi gjennomfører desse direktiva i tråd med EØS-avtalen, og om vi gjer det på ein god og riktig måte, vil til sjuande og sist kunne avgjerast av EFTA-domstolen.

Schütz og forskarkollegaene ved UiB har dei siste åra måtte tenke utanfor rammene av norsk lovverk i forskinga si.

– Vi forskarar har vore nøydde til å følgje opp ved å sjå på norsk miljøregulering og kritisk vurdere typisk norske forskrifter. Utfordringa er at vi heile tida er eitt steg bak og må spørje oss om det er EU-rett som ligg bak bestemte regulativ eller om nye norske miljølover kan møte kritikk frå EU-systemet, sånn at vi til sjuande og sist kan få ein dom mot oss. Dette er det vårt ansvar som forskarar å ha innsikt i og oversikt over, meiner jussforskaren.

 

Heilskapleg forvalting av havområda

Likevel er dette inga uoverkommeleg oppgåve, ifølge Schütz, som peiker på at når først eit bestemt prinsipp er etablert i ein type lovverk, så følgjer liknande lovverk gjerne i same spor.

– Hjulet blir ikkje funne opp på ny kvar gong. Om du først får eit direktiv for kvalitet på drikkevatn og så eit nytt direktiv om kvalitet på badevatn, så ser du at det er dei same omgrepa som går igjen. Det er mange trekk ein kan kjenne att og som gjer dette overskodeleg, forklarar ho.

Mens forskarar i naturvitskapane er opptekne av å få oversikt over heilskapen i økosystema i Nordsjøen, er jussforskarane opptekne av å forske på rettslege verkemiddel for ei meir heilskapleg forvalting av havområda.

– Tidlegare har ein til dømes regulert miljøgifter ved å sette grenser for utslepp, og ved å regulere kva stoff som er lov å bruke i produktframstilling. Ein skulle tru at det ville gje kontroll på miljøgiftene, men slik er det ikkje. Det er problem med å handheve reguleringane, det finst lekkasjar frå gamle deponi som ikkje kjem inn under nyare reguleringar eller miljøgifter kan bli spreidde ved ulykker som flom, seier Schütz og legg til:

– Det finst dessutan land som ikkje regulerer slike utslepp, og deira miljøgifter kan hamna i norske farvatn. Eit nytt rettsleg grep er difor å setje rettslege krav til sjølve kvaliteten på naturmiljøet, slik vi kjenner det frå luftkvalitetskrava som Bergen stadig bryt på Danmarksplass.

 

Korleis best forvalte eit økosystem?

Schütz fortel at EU har laga eitt direktiv for ferskvatn og kystvatn – vassdirektivet – og eitt for havvatn. Her står nettopp rettslege krav til kvaliteten på vassmiljøet, både kva gjeld forureining og livet i vatnet, sentralt. Noreg er underlagt vassdirektivet gjennom EØS-­avtalen, men har avvist havdirektivet med grunngjevinga at EØS­-avtalen berre gjeld på territoriet, altså i hovudsak for landjorda. Likevel har norske styresmakter følgt trenden mot heilskapleg og økosystembasert forvalting ved å lage eigne forvaltingsplanar for norske havområde.

– Både i Noreg og EU har ein altså gått frå å ha ulike sektorar som skal forvalte eigne ansvarsområde, utan heilt å ha oversikt over kva dei andre gjer, til ei utvikling mot overgripande styringsinstrument som regionale og nasjonale forvaltingsplanar. Her styrer ein mot å nå kvalitetskrava, anten dei er gjort til rettslege krav , som i EU, eller til miljømål, som i våre forvaltingsplanar, fortel ho.

Samstundes peiker Schütz på at ho og dei andre jussforskarane ikkje tenker geografisk når dei vurderer lover og reguleringar innan miljørett.

– Jussen er normalt ikkje interessert i geografi. Jussen i Finnmark er den same som i Oslo, og sameleis er Nordsjøen underlagt det same regelverket som Norskehavet og Barentshavet. For ein jurist er det interessant at forvaltingsplanane er store prosessar som ikkje er nedfelt i lovverket, seier Sigrid Eskeland Schütz og legg til:

– Vi forskar på miljørettslege prinsipp som ikkje er knytt til hav eller land. Dei rettslege problemstillingane vil i mange tilfelle være dei same. Spørsmålet er: Korleis skal ein best forvalte eit økosystem? Rettslig sett blir det eit spørsmål om å ha eit forvaltingsregime som gjev best mogleg rettsvern for økosystema i havet.