Hjem
Aktuelt
POLITIKK

Samane har fått meir makt

Sidan opprettinga av Sametinget i 1989 har samane fått meir dei skulle ha sagt i den norske offentlegheita. Ei ny bok analyserer korleis samisk politikk har utvikla seg dei siste 30 åra.

Bilete av Sametingsbygget
TVERRFAGLEG FORSKING: Boka Samepolitikkens utvikling tek pulsen på 30 år med samisk politikk. Forskarar med bakgrunn frå statsvitskap, sosiologi, sosialantropologi, medievitskap, historie og språkvitskap er bidragsytarar.
Foto/ill.:
Hanne Holmgren

Hovedinnhold

Samane i Noreg kan ikkje driva politikk uavhengig av det norske systemet utan å nå fram. Samstundes kan ikkje norske myndigheiter avvikla ein samepolitisk agenda.

 – Opprettinga av Sametinget har fått store konsekvensar, endringar som få veit om, seier professor Per Selle ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Han er ein av redaktørane i boka Samepolitikkens utvikling, som nett er publisert. Boka tek pulsen på viktige trekk ved den samepolitiske utviklingen dei siste 30 åra. 

 

Meir makt kan skapa konflikt

Selle meiner sametingssystemet har gjeve samane meir makt. Utøvinga av makta kan hamna i konflikt med lokal og regional politikk. Sametinget har innsigelsesrett i område med reindrift, noko som til dømes har skapt konfliktar rundt etableringa av eit vindkraftverk i Kvalsund i Finnmark.

– Det gjer at samisk politikk speler ei viktig rolle i den lokale og regionale politikken. Kor mykje innsigelsesretten kjem til å ha å seia når det gjeld eventuell oljeutvinning i nordområda er eit anna spørsmål, seier Selle.

 

Noreg avhengig av god urfolkspolitikk

Boka ser også nærare på korleis internasjonal rettsutvikling har påverka den norske samepolitikken.  Staten Noreg er avhengige av å ha ein politikk som svarar til internasjonale krav.

– Samepolitikk er urfolkspolitikk, og samepolitikken har internasjonale dimensjonar. Skal Noreg spela ei rolle internasjonalt, må staten visa at dei fører ein urfolkspolitikk som svarar på internasjonale standardar, seier Selle