Hjem
Aktuelt
Marin forsking

Fulbright-stipend til havforskar

Kjetil Våge får stipendet Fulbright Arctic Chair. Han skal gjesta det anerkjente Woods Hole Oceanographic Institution (WHOI) i fire månadar.

Kjetil Våge på tokt i 2012
SKAL FORSKA I USA: Forskar Kjetil Våge er tildelt Fulbright Arctic Chair, og ser fram til fire månadar med forskingssamarbeid ved anerkjente Woods Hole Oceanographic Institution. Biletet er frå eit tokt med RRS "James Clark Ross" i 2012.
Foto/ill.:
Sindre Skrede

Hovedinnhold

Fulbright Arctic Chair er ein av dei mest høgthengande prisane i Fulbright Scholar Program.

Kjetil Våge, forskar ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking, seier det er ei stor ære å verta tildelt Fulbright Arctic Chair.

Han får no fire månaders opphald ved Woods Hole Oceanographic Institution i Massachusetts, eit verdsleiande marint miljø, og eitt av dei aller største forskingsinstitutta innan oseanografi.

Våge forskar mellom anna på havstraumar og klima. Han har etablert samarbeid med fleire av forskarane på WHOI frå før, men ser fram til eit lettare samarbeid ved å møta folk ansikt til ansikt. Elles føregår mykje av samarbeidet per telefon og e-post og med tidsskilnadar som faktor.   

– Fire månadar ved WHOI vil gi meg ein periode der eg kan konsentrera meg. Det å sitja på nabokontoret med dei eg samarbeider med vil gjera det meir effektivt, og eg trur vi vil få utretta meir, seier Våge.