Hjem
Aktuelt
SAMFUNNSVITENSKAP

Innvandrarbarn er berre barn

Kva grep tek myndigheitene når dei skal instruera barnevernet i møtet med innvandrarbarn?

Barn i barnehage
Boka Child Welfare Systems and Migrant Children har undersøkt kvar, kvifor og i kva grad innvandrarbarn er representerte i barnevernsystema i elleve ulike land.
Foto/ill.:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Hovedinnhold

Migrantbarn er ofte meir utsette og sårbare enn andre barn, fordi dei bur i familiar med større sosiale og økonomiske utfordringar enn andre barnefamiliar. Både barn og familiar kan også ha opplevd store påkjenningar som gjer at dei har både psykiske og fysiske hjelpebehov.

Boka Child Welfare Systems and Migrant Children har undersøkt kvar, kvifor og i kva grad innvandrarbarn er representerte i barnevernsystema i elleve ulike land: Noreg, Australia/New Zealand, Belgia, England, Estland, Canada, Finland, Italia, Tyskland, Spania og USA.

I arbeidet med boka gjennomførte forskarane ei spørjeundersøkjing der kring 900 barnevernsarbeidarar frå ni av dei elleve landa deltok.

 

Få eller ingen retningslinjer

Professor Marit Skivenes ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) er ein av redaktørane og medforfattarane av boka.

– Ein skulle tru at barnevernssystema i desse landa burde vera spesielt opptekne av korleis dei skal møta og handtera barn med innvandringsbakgrunn, seier Skivenes.

Slik er det derimot ikkje, viser undersøkjingane som kjem fram i boka. Det finst få eller ingen offisielle retningslinjer eller policyanvisingar for korleis barnevernet skal møta innvandrarbarn. Det gjeld alle dei 11 landa. Kapittelet om Noreg skildrar eit system der alle barn som er i faresonen, på grunn av forhold i heimen eller andre grunnar, skal bli mottekne på lik måte.

Barn i faresonene dreier seg om barn som ikkje får dekka grunnleggjande behov som mat, husly og omsorg frå foreldre. Behova til migrantbarn er derimot ikkje særskilt nevnt frå myndigheitene si side.

– I dei elleve landa er det jamnt over lite merksemd på korleis ein skal møta innvandrarbarn, sjølv om systema og landa har svært ulike erfaringar med migrasjon og innvandring. På praksisnivå er det heller ikkje utvikla særlig med skreddersydde tenester til migrantbarn og deira familiar. Vi ser at barnevernsarbeidarane etterspør meir utdanning og kompetanse på dette feltet, seier Skivenes.

 

Viktig og aktuell bok

Praksisen er ofte lik mellom land, noko som overraska Skivenes. I eit døme har ein spurt representantar frå barnevernet korleis dei ville respondera i ei sak der eit innvandrarbarn levde i stor fattigdom. Ville ein gripa inn og ta barnet frå foreldra, eller ville ein hjelpa foreldra til å beholde barnet?

– I alle landa var det svært få som ville ta barnet frå foreldre, og dei aller fleste ville gi omfattende hjelp til foreldra slik som pengar, bustad og arbeid. Det er i og for seg positivt, seier Skivenes.

Skivenes meiner boka er aktuell, både i Noreg og resten av verda, grunna auka migrasjon, flyktningestraumar og andre effektar av globaliseringa.

Boka gir ei grundig skildring av politikk og praksis i elleve land, og argumenterer for eit globalt barnevernssystem. Skivenes trur myndigheiter kan læra mykje av boka. I tillegg meiner ho det vil vera ei viktig bok for studentar.

– Både metodikken og den samanliknbare kunnskapen om ulike system er nyttig, meiner Skivenes.