Hjem
Aktuelt
GEOGRAFI

Tilflytting til byar er bra for klimaet

Å bu i byen er godt for miljøet, seier samfunnsgeograf Håvard Haarstad. Han meiner timinuttersbyen er løysinga.

Portrett av Håvard Haarstad
MILJØVENNLEG: – I ein 10-minutters-by legg ein funksjonar innanfor nodar eller mindre område. Der kan folk jobba, bu og handla. Når ein kombinerer desse funksjonane innanfor eit område, vil det verta mindre trafikk og mindre utslepp, sier Håvard Haarstad.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen satser på klima og energiomstilling, og flere av våre forskere deltar på klimatoppmøtet COP21 i Paris i desember. Les mer om forskning og studier på klima ved UiB.

Du er meir enn gjennomsnittleg oppteken av klima og byar. Kvifor det?

– Det er litt tilfeldig, det er mange ting som er viktige å forska på. Men drivkrafta har vore at eg vil forska på noko som er samfunnsrelevant og viktig. Byplanleggjng er klimapolitikk. Bystrukturar legg føresetningar for korleis vi beveger oss i ein by. Måten ein byggjer byar på har mykje å seia for korleis ein brukar energi.

Du er opptatt av noko du kaller 10-minutters-byen. Kva er det?

– Hovudargumentet er at ein med korte avstander slår fleire floger i ein smekk. I ein 10-minutters-by legg ein funksjonar innanfor nodar eller mindre område. Der kan folk jobba, bu og handla. Når ein kombinerer desse funksjonane innanfor eit område, vil det verta mindre trafikk og mindre utslepp. Folka vil sleppa unna tidsklemma. Ein må gjera det lettare for bybuarane å ta dei rette vala. Ein klimavenleg by er ein god by.

Vil ikkje kostnadane ved ei slik omleggjing verta store?

– Det vert heile tida lagt nye planar for korleis byene skal vera, og investeringar kjem uansett. Då vil det verta billegare om ein planlegg ein meir klimavenleg by no enn om ein ventar. Det er og store kostnadar ved alternativet, nemlig klimaendringar, bilkøar og lang reisevei.

Beijing er ein av verdas tettaste befolka byar, men med store problem med luftforureining. Er det verkeleg slik at ein tett og urban måte å bu på er meir miljøvenleg?

– Ja, byar er meir miljøvenlege om ein tenkjer på at alle skal bu ein stad og transporterast til arbeidsstaden sin. Det er mindre energikrevjande om folk bur meir kompakt. Om folk i Beijing skulle hatt einebustad og stor hage hadde det vore verre enn det er i dag, og utstrekninga av byen hadde vorte mykje større en det han alt er. Forureininga hadde kanskje vore mindre synleg, men det hadde vore meir av ho.

Er ein miljøsyndar om ein bur i ei grend? Det er vanskeleg å forstå at Hardanger er meir skadeleg for miljøet enn Hamburg.

– Om du bur i ei grend og har ein økologisk hage og kort veg til jobb syndar du ikkje mot miljøet. Men rekneskapen vert straks mykje verre om du bur i eit stort og energikrevjande hus med stor hage og må ta bilen til jobb hver dag.

Skal folk som bur i grender og grisgrendte strok måtta flytta til byen, då?

– Nei, dei som vil bu der må berre fortsetja å gjera det. Det er ikkje naudsynt å tvinga nokon til byane. Det er alt eit voldsomt press med flytting til byane som det er, både i Noreg og globalt. Mange vil bu i byar. Då vert planleggjing og tilrettelegging på mest mogeleg miljøvenleg måte det viktige.

Ja, kvifor vil alle til byen og sentrum?

– Det er det litt ulike svar på. Vi har til dømes det vi kallar Bright Lights-syndromet, som i dag kanskje er mest tydeleg i utviklingsland. Det er det forlokkande med byane, at ein skal kunna skapa seg ei framtid der, som ein ikkje finn på landsbygda. Då er det ofte meir eit håp om ei betre framtid enn eit kalkulert reknestykke som gjer at ein tek eit slikt val. Elles spelar folkevekst og industrialisering og effektivisering av jordbruket inn, at det ikkje lenger er nok jobbar der ein kjem frå. I Noreg er det meir vanleg å utdanna seg, og då er det oftast i byane ein kan få jobb. Vi flyttar på oss i mykje høgare grad enn før.