Hjem
Aktuelt
Musikk

Frå heile verda for å synge Grieg

25 songarar og pianister fra heile verda kjem til Bergen i slutten av mai for å delta på ein workshop om Edvard Griegs songar.

Bilde av Chiaki Doi
LIVET MED GRIEG: Japanske Chiaki Doi har lært seg 70 songar av Grieg, og syng dei på norsk. I mai kjem ho til Bergen for å delta på workshop med Griegs songar.
Foto/ill.:
Chiaki Doi

Hovedinnhold

Grieg-tolkarane kjem blant anna frå Japan, Kina, Canada, USA og England for å vere med på workshopen.

I fleire av desse landa er det stor interesse for Grieg. I USA er Edvard Griegs musikk særleg populær i det norsk-amerikanske miljøet, der det fins mange Grieg-eldsjeler. Grieg har også alltid vore stor i England og hadde stor suksess der i si samtid. I Japan og Kina er det også levande Grieg-miljø.

Det er i samband med den årlege forskingskonferansen om Edvard Griegs musikk «Edvard Grieg and the human voice» som stiftinga Det internasjonale Edvard Grieg selskap står bak, at Griegakademiet arrangerer denne workshopen. Songarane og pianistane som kjem til Bergen skal få undervisning av musikarar og songarar som har lang røynsle med å utøve Grieg. Den store finalen blir ein konsert i Griegs villa med Steinway-flygelet frå 1885.

 

Skal synge Grieg på norsk

Deltakarane skal synge Grieg på originalspråket, altså bokmål eller nynorsk, i tillegg til at nokre av songane er skrivne til tyske tekstar. Det vil bli særskilt fokus på språket.

Wencke Ophaug, spesialist på songfonetikk frå Universitetet i Oslo kjem for å bistå dei utanlandske utøvarane.

– Vi har oppfordra deltakarane til å utvide reportoaret. Det er berre ein som skal synge «Solveigs sang», spøker ansvarleg for workshopen, professor Einar Røttingen ved Griegakademiet. Tanken med å arrangere workshop og konferanse samtidig er eit forsøk på å skape eit større miljø for Griegs musikk.

 

Stor songskatt

– Det er ein veldig stor songskatt etter Grieg. Han laga musikk til rundt 180 songar. Det var dei samtidige dramatikarane som Bjørnson, Ibsen og Garborg han i størst grad sette musikk til. Garborgs Haugtussa til dømes var knapt komme ut, før Grieg kom på banen og sette musikk til den.

Ved sida av Haugtussa blir dei seks tyske sangane, op. 48, rekna som eit høgdepunkt blant Griegs romansesyklusar. I tillegg er det ei romanse som særleg skiller seg ut: «Jeg elsker Dig» etter H.C. Andersen op. 5 nr. 3. Den var særs populær allereie på Griegs tid. Alle tekstane Edvard Grieg sette musikk til er skrivne av menn, medan kona Nina Grieg song alle songane til mannen.

– Pianistar og songarar frå Griegskademiet  skal undervise, men også nokre utanfrå. Nokre av oss på Griegakademiet har jobba med Grieg heile livet, så vi har mykje å tilføre dei som kjem for å lære meir om Griegs songar, seier Einar Røttingen.

Han er sjølv ein internasjonalt feira pianist som har doktorgrad på Griegs klavermusikk. I 2007 fremførte Røttingen saman med sangeren Njål Sparbo Griegs samtlige 172 sanger i 7 konserter som del av Grieg-jubileet.

 

Lærte norsk for å synge norske songar

Ein av Grieg-elskarane som skal delta på worskshopen ved Griegakademiet er Chiaki Doi fra Hokkaido i Japan. Ho har ikkje formell songutdanning, men er ein svært aktiv tolkar av norsk musikk. Chiaki Doi vart først begeistra for Kirsten Flagstad og bestemte seg derfor for å lære seg norsk. Men ho oppdaga også Grieg tidleg.

– Eg har visst om Grieg sidan eg gjekk i grunnskulen. Det blir alltid undervist i Peer Gynt i japanske skular, så i samband med det vart vi introdusert for Griegs musikk. Eg liker å reise og når eg reiste til Norden rundt 2000-talet, vart eg introdusert til sanger av Grieg. Eg er fascinert av den vakre lyden av norsk, og ønska å høyre mykje meir av Griegs sanger. Nord-Europa var og ein plass eg kjende meg heime, det liknar heimbyen min Hokkaido, både når det gjeld natur, klima og kultur.

 

Kan 70 songar av Grieg

Det blir no femte gong Chiaki Doi gjestar Bergen, kvar gong har ho vitja Troldhaugen. Grieg har komme til å bety meir og meir for henne. Ho er med i The Grieg Society of Japan og har etterkvart lært seg heile 70 av Griegs songar.

– Frå Grieg kan eg lære det viktigaste i livet, om det vakre, om glede, om sorg, sangane minner og om Hokkaido. I lang tid har eg gjort mange konsertar. Eg har fått eit publikum, og eg samarbeider med folk i dei nordiske landa og vi syng Grieg saman i ulike prosjekt. No ønsker eg å lære meir, og vil gå i gong med tekstane av Holger Drackmann og Otto Benzon i Griegs solosongar.

 

Påverkar interessa for Grieg

– Chiaki Doi og nokre andre rundt henne gjer veldig mykje for Grieg-interessa i Japan, seier Einar Røttingen. Han seier at interessa for Grieg alltid er stor, men utøvarar må gjere reportoar som skaper karriere og Grieg gjer ikke nødvendigvis det i det standariserte musikklivet.

– Til gjengjeld kan utøvarar profilere seg med Grieg og skape sin egen identitet som utøver gjennom dette repertoaret, seier Røttingen.

I framtida er planen at Grieg-workshopar skal arrangerast kvart andre eller fjerde år.