Hjem
Aktuelt
Forsking

Psykologiprofessor i verdsklasse får tilbod om UiB-jobb

Ein hjerneforskar i elitedivisjonen er foreslått rekruttert til UiB og Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Professor Stefan Koelsch skal samarbeida tett med dei beste hjerneforskarane i Noreg.

fMRI-gruppa i Bergen
FÅR FORSKAR I VERDSKLASSE: fMRI-gruppa i Bergen er foreslått utvida med hjerneforskaren Stefan Koelsch, som er tilbode eit professorat gjennom ei kalleordning finansiert av regjeringa og Bergens Forskningsstiftelse.

Professor Stefan Koelsch er kalla til ei stilling ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Universitetstyret vedtok i sitt siste møte i mai å tilsetja forskaren i verdsklasse ved kalling (sjå faktaboks). Koelsch vert kalla til UiB som eit ledd i universitetet si satsing og svar på regjeringa sin politikk for satsing på forsking i verdsklasse.

Koelsch er i dag professor i psykologi ved Freie Universität Berlin. Han har ei svært allsidig og tverrfagleg bakgrunn med mastergradsutdanning i musikk frå Universitetet i Bremen, samt høgare utdanning innan psykologi og sosiologi frå Universitetet i Leipzig, Han fullførte si doktorgradsutdanning ved Max Planck-instituttet innan kognitiv nevrovitenskap.

Samarbeid med bergenske pionerar

Dekan ved Det psykologiske fakultet, Jarle Eid, er takksam for at leiinga ved UiB vil kalla Koelsch til stillinga. Han kjem til å samarbeida tett med fMRI-gruppa ved UiB, som har gjort banebrytande forsking på fMRI-forskning i Norge (sjå faktaboks under saka). Gruppa vert leia av professor Kenneth Hugdahl.

– Rekrutteringa av Stefan Koelsch stadfestar at fMRI-gruppa har eit solid akademisk omdømme internasjonalt og at vi gjennom generøse bidrag frå Bergen forskningsstiftelse og ein topp moderne forskningspark og laboratorie kan rekruttera forskarar i den europeiske elitedivisjonen, seier Eid.

Tverrfagleg orientert

Dekanen meiner Koelsch sin kompetanse innan kognitiv nevrovitskap vil tyda mykje for forskinga. I tillegg meiner han det vil tyda mykje for utdanninga av framtidige psykologar, logopedar og mastergradsstudenter i nevropsykologi.

Koelsch har mange publikasjonar på si merittliste, mellom anna i Nature. Han utmerkar seg som ein tverrfagleg orientert forskar.

– Det gjer at han også kan spela ei viktig rolle innan eksisterande utdanningsprogram og i utviklinga av nye fagområde på tvers av fakultetsgrenser. Vi ser fram til å ønske Stefan Koelsch velkomen til Universitetet i Bergen, seier dekanen.

 UiB satsar på auka tverrfagleg forsking, og har nyleg tilsett Robert Bjerknes som viserektor for tverrfaglig verksemd og store satsingar.