Hjem
Aktuelt
Forsking

Vil hjelpa Nepal gjennom forsking

UiB har ein unik kompetanse på Himalaya og Nepal. No vil geografane nytta kunnskapane sine til å hjelpa etter jordskjelva i landet.

Tor Halfdan Aase på feltarbeid i Nepal
NEPAL TRENG FORSKING: Professor Tor Halfdan Aase meiner Nepal treng forsking meir enn nokonsinne etter jordskjelva i vår. Han har årleg vore på feltarbeid i landet dei siste 20 åra.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

I april og mai 2015 vart Nepal ramma av jordskjelv og etterskjelv som har medført enorme skader. Millionar er ramma, 8000 er omkomne og tusenvis av menneske er skada. 

For Institutt for geografi ramma katastrofen hardt. Etter rundt 20 år med forsking i Nepal, utstrekt forskingssamarbeid og studentutveksling med landet er relasjonane nære. Mellom anna har instittutet eit langvarig samarbeid med Tribhuvan University i Kathmandu. Ein nepalsk student med bakgrunn frå UiB døydde i eit av skjelva.

Professor Tor Halfdan Aase har vore i Nepal årleg dei siste 20 åra, og forskar for tida på korleis ein tilpassar seg klimaendringar i Nepal.

– Det var forferdeleg då det første skjelvet kom. Me fekk ikkje kontakt med vener og kollegaer i Nepal. Etterkvart fekk me vita at det hadde gått bra med dei aller fleste, men ein tidlegare masterstudent var omkomen, seier Aase. 

 

Utset feltarbeid

Stipendiat ved Institutt for geografi, Dilli Prasad Poudel, er sjølv frå Nepal. Han var på eit fly mellom Boston og Chicago då han fekk beskjeden om kva som hadde skjedd.  Det tok lang tid før han fekk beskjed om at familien hadde det bra. To av venene hans døydde.

– Det er ei forferdeleg tid for Nepal, seier Poudel.

Det planlagte feltarbeidet hans i Nepal i juni vert utsett til neste år.

– Snart kjem monsun-tida, og området eg skulle til vil vera utsett for jordskred. Det vert for risikabelt å utføra feltarbeid der no, seier Poudel.

 

Samla inn 100 000

Poudel er ein av fleire nepalske stipendiatar som er ved instituttet for tida. I tillegg er det rundt ti masterstudentar på utveksling ved instituttet. Etter jordskjelva samla det nepalske miljøet inn kring 100 000 kroner for å hjelpa heimlandet.

– Innstillinga til våre studentar er flott. Nepalarar er gode til å arbeida saman og hjelpa der det er behov, seier Peter Andersen, førsteamanuensis ved instituttet.

Han er glad for at UiB og geografi har bygd opp gode relasjonar med og kompetanse på Nepal.

– Det er kompetansebyggjing det tar ein generasjon å byggja opp. No er det bygd opp ei stor gruppe med forskarar som vil fortsetja å jobba i og med Nepal. Det er ikkje snakk om nokon ”brain drain”.

Han har Nepal som sitt viktigaste feltområde, og har atten års erfaring frå landet.

 

Må sova ute

Kollegaer og vener i Nepal fortel om svært krevjande situasjonar. Mange søv i telt på grunn av etterskjelv som trugar allereie skada bygg.

– Det vil ta mange år å byggja opp att landet, seier Andersen. 

Aase trur det er vanskelegast for dei som bur i landsbyar langt frå Kathmandu. Infrastrukturen i Nepal held låg standard, og det tar tid før hjelpen kjem, om han kjem i det heile tatt. Han fortel at pensjonatet han budde i ved sist feltarbeid er heilt øydelagt. Familien som dreiv det hadde spart pengar i årevis og flytta frå Kashmir. No ligg 20 års arbeid i grus for familen.

– Slike skjebner er det tusenvis av i Nepal no. Mange sit att på bar mark, seier Aase.

Han meiner det må satsast på å få infrastrukturen på plass att og få fram vatn og mat, særleg til dei fjerne landsbyane. Nepal har 30 millionar innbyggjarar spreidd over eit stort territorium.

– No kjem regntida, då kan ein rekna med nye farer etter skjelva, til dømes jordras.

 

Nepal treng forsking

Han ser ikkje for seg at UiB og Institutt for geografi kjem til å ha mindre engasjement i Nepal på grunn av jordskjelva. Tvert imot er det meir viktig enn nokonsinne. Ein har forska på korleis menneske i Nepal kjem seg på fote etter naturkatastrofer, som landet er svært utsett for.

– Denne forskinga vil me fortsetja med, og bidra til å gjera Nepal meir robust og budd på slike situasjonar. Nepal treng forsking meir enn nokonsinne, seier Aase. 

Andersen er samd, og understrekar at hverken forskarar, studentar eller turister skal vera redde for å reisa til Nepal, når dei første og akutte problema er løyste.

– Nepal har no meir enn nokonsinne behov for turisme og internasjonalt samarbeid for å komma seg opp att, seier han.

Han meiner kompetansen som er bygd opp både på UiB og i Nepal er ein viktig nøkkel for utviklinga.

– Det er behov for å finna ut korleis ein kan utvikla Nepal. Då treng vi kompetanse som er bygd opp over lang tid. Ved UiB har vi eit av dei største miljøa innan forsking på Himalaya, på fleire institutt har vi ein unik kompetanse, seier Andersen.