Hjem
Aktuelt
Universitetsliv

– Nøgde studentar er dei beste ambassadørane

Det første året er avgjerande for nye studentar. Mellom 15. og 17. juni arrangerer UiB ein konferanse med eitt mål – å hjelpa studentar å lukkast.

Studenter på forelesning
KONFERANSE OM STUDIETRIVSEL. I juni er UiB vertar for European First Year Experience 2015. Konferansen inviterer deltakarar frå heile verda, som deler ulike erfaringar og forsking på kva som virkar og ikkje virkar når lærestadane tilrettelegg for best mogeleg gjennomføring i studiene.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

– Det første året som student er essensielt, seier Harald Åge Sæthre. Han er prosjektleiar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB.

Han fortel at det første studieåret bør vera eit år der studentane opplever meistring, at dei høyrer til sosialt og at dei trivst. I tillegg skal året leggja til rette for at studentene får ein arbeidsmetodikk som passar det akademiske livet og gode studievanar. Dette aukar sannsynet for at studentane fullfører studiet sitt.

Sæthre gav i 2015 ut ei bok om fråfall i høgare utdanning. 

 

Studentar med påverkingskraft

Mellom15. og 17. juni inviterer han og UiB til konferansen European First Year Experience (EFYE). Over 250 deltakarar frå fleire land i Europa, Asia, USA og Australia kjem til Bergen for å dela erfaringar og læra meir om korleis ein legg til rette for gode læringsmiljø. Sæthre fortel at dei same utfordringane går att internasjonalt, til dømes å gi ein god overgang mellom skule og universitet og skapa gode arbeidsvanar.

Sæthre og studenten Kjell Roymond Olsen skal snakka på konferansen om korleis ein kan auka interessa for å være studenttillitsvald. At studentane vert aktive deltakarar med påverkingskraft i organisasjonen skapar fellesskap, meiner Sæthre.

– Studentane vert ein del av eit ”vi”, seier han.

 

Skapar potensiale

Sæthre understrekar at tiltaka fakultetet hans har gjort for å skapa mindre fråfall ikkje er til for å ”redda” studentar frå å stryka. Undersøkjingar gjort ved UiB viser at det ikkje berre er studentar med dårlege karakterar som sluttar studiene sine. Dei aller fleste som sluttar har karakterar som ligg rundt C.

– Tiltaka skal få studentar med potensiale til å verta så gode dei kan. Studentar er ressurspersonar, ikkje klientar,  seier han.

 

Studentar er dei beste ambassadørane

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein innført systematiske tilretteleggjingar for å skapa trygge studentar, med eit sosialt nettverk frå første stund. Det vert gjort ved å setja dei nye studentane i grupper med 20 til 25 personar i kvar.

Sæthre meiner dei studentane som kjenner at dei mesitrar studeiene sine og som trivst sjølve er den beste måten å rekruttera nye, noko han også har erfart ved fakultetet. Dei siste femten åra har fleire og fleire søkt studieplass.

– Ein høyrer på folk ein stolar på. Fornøgde studentar er våre beste ambassadørar, seier han.