Hjem
Aktuelt
PH.D.-intervjuet

Vil oppklare smertemysteriet whiplash

Pasientar med kronisk nakkesleng opplever langvarig liding utan at legar og forskarar kan forklara kvifor. Solbjørg Makalani Myrtveit drøymer om å kunne hjelpe dei sårbare pasientane.

Solbjørg Makalani Myrtveit
FORSKAR PÅ SMERTE: Solbjørg Makalani Myrtveit har funne ut at folk som har hatt smerte tidlegare, har ein auka risiko for å få kroniske smerter.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Kva er whiplash?

– Whiplash, eller nakkesleng, er ein tilstand ein kan få etter bilulukker, særleg ved påkøyring bakfrå. Rett etter slike ulukker vil mange oppleva stivheit og vondt i nakken, men så blir dei fleste heilt friske og får ingen varige plager. Men nokre utviklar langvarige smerter og andre symptom, og kan bli så dårlige at dei mister funksjon og ikkje lenger kan jobbe.

 

Kva er det viktigaste med forskinga di, tykkjer du?

– Det er veldig viktig for meg at vi skjønar at sjølv om vi ikkje heilt har forstått desse langvarige plagene enda, så betyr det ikkje at pasientane ikkje er sjuke. Smerten pasientane opplever er heilt reell, sjølv om vi ikkje kan forklara han med røntgen eller blodprøvar. Det er svært viktig at ein ikkje, i tillegg til å ha ein vanskeleg sjukdom, skal få belastninga med å ikkje bli trudd. Kanskje trengst det ei haldningsendring blant det norske folk? Av og til kan det verke som om me rangerar sjukdomar, slik at nokre, som kreft og hjartesjukdom, har høgare «status» enn for eksempel smertetilstandar. Vi kan spørje oss sjølv om vi ser på nokre tilstandar som akseptert sjukdom og andre ikkje. Her er det heller ikkje snakk om berre nakkesleng. Også til dømes fibromyalgi, kronisk trøttheitssyndrom/Me og kronisk trøttheit etter kyssesjuka er tilstandar vi ikkje fult forstår, og der pasientane kan møte fordømming og skepsis. Kanskje har desse tilstandane noko til felles. Dei har tydeleg ein del felles symptom, men kanskje behandlinga òg kan ha ting til felles, slik at vi kan hjelpe fleire, på tvers av ulike tilstandar?


Kva er smerte?

– Alle veit kva det er å ha vondt. Men vi veit òg at opplevinga av smerte kan variere veldig ut i frå korleis du har det når ting skjer. Dersom du spelar fotballkamp og skrapar deg på kneet, så merker du det kanskje ikkje før i pausen. Men viss du set på legekontoret og skal ta ein  blodprøve, kan du oppleva mykje angst og smerte. Det viser at det ikkje berre er graden av vevsskade som fører til smerte. Smerte er noko du opplever i hjernen. Ein skjønar at det er fornuftig med smerte dersom ein til dømes skadar seg akutt og må halde foten eller armen i ro for at den skal kunne bli betre. Men nokre gongar fortsetter ein å oppleve smerte etter at det ikkje lenger er farleg å bevege seg, som til dømes ved typisk ryggsmerte. Du kan ha veldig vondt, men det beste for deg er å vere aktiv og å gå tur i ulendt terreng. Det kan oppstå ei konflikt mellom det som er bra for deg og kva du opplever.

 

I doktoravhandlinga di prøver du å finne kjenneteikn ved pasientar med høg risiko for å utvikle kroniske symptom etter nakkeslengulukker. Kva fann du?

– Vi ville finne ut om ein tidleg kan vita noko om kven som vil få langvarige plager, slik at dei med størst risiko kan vere dei som får oppfølging. Vi ser at folk som har hatt smerte tidlegare, har auka risiko for å få kroniske smerter. I tillegg er pasientar som, når du spør dei rett etter ulukka, tenkjer at dei kjem til å trenge medisinar, eller må gå til ulike legar eller til fysioterapi, i risikosona for å vere sjuke lengre. Og det er jo eigentleg ikkje så rart at vi har eit bilde sjølv av korleis det kjem til å gå. Ein kjenner jo seg sjølv best.

 

Overraska det deg at det var ein så tydeleg samanheng?

– Det er mykje litteratur på dette området, om pasientane sine tankar og den framtidsskildrande verdien dei har. Pasientar som trur dei vil kome raskt tilbake i jobb etter ei sjukemelding, gjer ofte det. Så vi veit at det er samanhengar mellom forventingar og prognose. Det vi derimot veit mindre om, er om vi kan forandre desse tankane, og om slik endring kan bidra til at pasientane vert friske raskare. Men vi håpar at vi kan finne tankemønster som kan påverkast ved å snakka med lege eller psykolog, og at dette kan føre til at pasienten får det betre.

 

Korleis har det vore å vere ph.d.-student (ved UiB)?

– Eg har likt veldig godt å jobbe på denne måten. Du har eit ganske stort tema, og det er ditt. Og så må ein setje seg inn i det, finne ut om det ein trudde ein lurte på framleis er det ein lurer på, og finne ut meir om det. Eg syns det er kjempespanande med analyse- og statistikk. Og det å ha så lang tid på eit prosjekt var glimrande. Det har vore fin balanse mellom å bli utfordra og jobbe sjølv, men samstundes har eg fått veldig god oppfølging. Kvar gong eg har lurt på noko, har eg fått hjelp. Du blir akkurat pusha nok til at du må kjøre på, men du sit med ein god følelse.

 

Kva drøymer du om, karrieremessig?

– No ynskjer eg meg først og fremst ei postdoktorstilling. Eg drøymer om å få fortsette akkurat sånn som no. Med spanande tema, fascinerande metodar og trivelige folk. Det er eit fint liv!