Hjem
Aktuelt
Biologi

Difor lukkast insekta

Insekt er dei organismane på landjorda som har hatt størst suksess. Ny forsking og eit genfunn kan avsløra kvifor.

Veps, illustrasjonsbilete
STERKAST GJENNOM ENDRING. Insekt er så talrike at dei representerer halvparten av biomangfaldet på landjorda. Ny forsking kan fortelja oss kvifor.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Forskarar frå Universitetet i Bergen (UiB) IRTA Institute of Marine Sciences (CSIC) and Institute of Evolutionary Biology (UPF-CSIC)  har gjort oppdagingar somkan forklara kvifor insekta er dominerande arten på jorda. Forskarane har oppdaga ein ny underfamilie av molekylkanalar i insekt.

– Med unntak av bakteriar, utgjer insekt meir enn halvparten av det biologiske mangfaldet i verda. Insekt er sett på som dei mest suksessrike organismane på landjorda i i livets historie, seier forskar Roderick Nigel Finn ved Institutt for biologi.

Finn er ein av to leiarar i forskingsprosjektet, som er publisert i tidsskriftet Nature Communications.

Les artikkelen i Nature her. 

 

Overlever ved å tilpassa seg

Insekta kan takka si evne til å tilpassa seg ulike nisjer for at dei har utvikla seg så mangfaldig. Insekt overlever både varme og tørre tilstandar, så vel som temperaturar under 0. Insekt kan ikkje regulera kroppstemperaturen sin, og ein trur difor at suksessen til organismane kan vera tilknytt korleis dei klarar å tilpasssa seg uttørking og nedkjøling. Ein av dei viktigaste måtane å tilpassa seg på er høge nivå av alkohol i visse organ.

Inntil no har det ikkje vore klart korleis insekta transporterer alkoholen gjennom cellemembranane. Dette er av di tidlegare studier viser at store grupper av insekt har mista evna til å transportera alkohol. I undersøkjingane sine fann forskarane at såkalla holometabolske insekt har særskilde gener. Desse genene har skapt muterte vatn-kanalar med ei auka evne til å transportera alkohol. Holometabolske insekt går gjennom fire stadier – frå embryo eller egg til larve til puppe til vaksent insekt.

 

Rekonstruerte evolusjonshistorie

For å forstå korleis gener utvikla seg i insekt skapte forskarane spesielle mutantar for å etterlikna den evolsjonære prosessen. Slik viste dei at ein enkel mutasjon kan endra seg til ein kanal som fraktar vatn til ein kanal som fraktar alkohol og omvendt. Ved å rekonstruera den evolusjonære historia til desse kanalane i fleircella organismar viste dei at kalane som transporterte alkohol erstatta dei som frakta vatn.

Basert på dette føreslår forskarane at kanalane som frakta vatn vart erstatta med dei som frakta alkohol.

– Denne forskinga er eit døme på naturleg utval på eit molekylært nivå, seier Finn.