Hjem
Aktuelt
NY BOK

Shakespeare henta inspirasjon frå biletkunsten

Professor Stuart Sillars viser ein ny inngong til studiet av Shakespeares tekstar i si nye bok, Shakespeare and the Visual Imagination.

Richard II
INSPIRASJON FOR SHAKESPEARE: ”The Wilton Diptych” er eitt av få religiøse måleri frå England frå slutten av 1300-talet som har overlevd. Det viser kong Richard II av England som kneler framfor jomfru Maria og barnet. Dette verket kan ha hatt innverknad på Shakespeares stykke Richard II.
Foto/ill.:
Wikipedia

Hovedinnhold

– Tilhøvet mellom Shakespeares skodespel og dikt frå perioden viser ei rekke fellestrekk. Gjennom å sjå på skodespela på denne måten opnar det seg opp ein ny dimensjon, seier professor i engelsk litteratur, Stuart Sillars, ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB).



Lite har vore skrive om bruken av bilete i Shakespeares skodespel og dikt. Dette er Stuart Sillars tredje bok om emnet, og dei tidlegare bøkene hans inkluderer The Illustrated Shakespeare, 1709–1875 (Cambridge, 2008) og Painting Shakespeare: The Artist as Critic, 1720–1820 (Cambridge, 2006).

 

Å bryte tradisjonen

– Shakespeare etablerte seg som forfattar på eit tidspunkt då engelsk drama endra seg og utvikla seg raskt. Han tok mykje av stoffet sitt frå eksisterande italienske tradisjonar. Men han ville gjere noko nytt, så han bryt med tradisjonen. Dette gjer han både med måten han nyttar språket, og som del av dette, veva inn i stoffet hans, er bruken av måleri og andre bilete han var kjend med, seier Sillars.

Boka viser korleis nøkkelverk hjå Shakespeare nyttar visuelle komposisjonar som element i dramatisk utvikling og konstruksjon av idear. UiB-professoren meiner at mange av måtane ein organiserte idear innanfor kunsten ved slutten av femtenhundretalet er delt mellom ord og bilde.

– Richard II som eg analyserer i boka, kviler til dømes for ein stor grad på Wilton Diptych.” (https://en.wikipedia.org/wiki/Wilton_Diptych)

I dette berømte biletet frå 1300-talet, kneler Richard II framfor Jomfru Maria.

– Det er lett å sjå likskapar. I stykket er det til dømes ei rekke scener der menneske kneler for kvarandre, seier Sillars.

 

Noko heilagt

Han forklarar at måleriet er laga av eksklusive materialer, slik som bladgull, og i panelet med Jomfru Maria og Jesusbarnet, er stoffa blå, der fargestoffet kjem frå steinen lapis lazuli. Richard si  drakt er farga i ein annan dyr farge, vermilion

.

I følgje Sillars viser desse dyre materiala i måleriet seg att i det rike språket.

– Det er ei kjensle av noko heilagt, der Richard II alltid skal vere konge. Mange ville nok sagt at han aldri såg desse måleria, men eg trur sterkt på at han gjorde det. I boka argumenterer eg for at Shakespeares kunnskap om dei visuelle kunstformene, dei fundamentale konsepta og dei kringliggande debattane er tydelege frå hans tidlegaste arbeid. seier Sillars, som har tilbragt mykje tid i bibliotek i Cambridge, både for å skrive og forske, i arbeidet med denne boka.


Utforsking av visuelle tradisjonar

Mellom andre verk som er analysert i Shakespeare and the Visual Imagination er: The Taming of the Shrew, Love’s Labour’s Lost, og A Midsummer Night’s Dream. Sillars gir nye insikter til form, tema og plassen deira i europeiske tradisjon. Bruken av emblem er eit anna viktig tema, og Stuart Sillars utforskar dette  mellom anna i studier av diktet Venus and Adonis, nokre sonetter og diktet The Rape of Lucrece. Boka er rikt illustrert og utforsker Shakespeare sine ulike men beslekta visuelle trekk.


I meldingar av hans tidlegare arbeid på Shakespeare og det visuelle har Sillars særleg blitt rosa for argumentet om at teateret har ein eigen visuell identitet, og at Shakespeare brukar brukar visuelle idear for å utforske den identiteten.

 

Eit smalt forskingfelt

– Det er to andre forskingsfelt som ser på det visuelle hjå Shakespeare: Måleri måla av skodespela, samt illustrerte utgåver av skodespela. Men når det gjeld studiet av Shakespeare og det visuelle er eg nesten aleine. Det er eit veldig smalt felt, seier Sillars spøkefullt.

Smalt eller ikkje, Sillars bidrag til Shakespeareforskinga blir sett på som viktig og unikt. Shakespeare Quarterly skriv at “Painting Shakespeare: The Artist as Critic, 1720-1820 is undoubtedly the best sustained piece of scholarly work to date on eighteenth-century ad Romantic uses of Shakespeare in the visual arts.” I følge Shakespeare Studies “the book undoubtedly deserves its unique place in art history and Shakespeare studies.”