Hjem
Aktuelt
NY BOK

Etterlengta bok om Muséhagen

Bergens grøne hjarte får no historia si fortalt i praktverket «Muséhagen i Bergen: Levende botanikk i over hundre år». Her blir hagens ulike epokar skildra i tekst og til no ukjend biletmateriale.

Omvisning Musehagen
MUSÉHAGENS MEST INFLYTELSESRIKE MANN: Rolf Nordhagen (i hatt i midten av bildet) viser fram det nye anlegget"sten-haugen" i 1927. Helt til venstre Knut Fægri og nummer tre fra venstre er Astrid Karlsen. Rolf Nordhagen er den direktøren som har sett djupast spor i Muséhagen.
Foto/ill.:
Ukjent

Hovedinnhold

Det byrja med at Knut Fægri ba han finne ut kvar Fægrirogna kom frå. Det fortsette med japanske cedartre, og endte med at førsteamanuensis ved Avdeling for naturhistorie Universitetet i Bergen, Per Harald Salvesen, vart redaktør for eit nybrottsarbeid om Muséhagen. Under lanseringa av boka onsdag 26.august hadde Salvesen problem med å halde tårene tilbake. 

– Eg vakna klokka fire om morgonen, med vinden ulande rundt huset og regnet piskande mot ruta. Men så står eg her i sol, med vakre saksofontonar som akkompagnement og ser ut på så mange menneske, midt i hagen som er fylt med alle desse vekstane. Det er rørande.

 

Fullt i hagen

Mange er glade i Muséhagen. Fleire hundre menneske var møtt opp til boklanseringa. Glipene av augustsol skein på rektor Dag Rune Olsen, byråd Silje Hjemdal, direktør for Bergen Museum, Henrik von Achen, og i tillegg til Per Harald Salvesen var hans medforfattarar Dagfinn Moe og Per Magnus Jørgensen ved Avdeling for naturhistorie der.

– Muséhagen er til dei grader verd ei bok, sa rektor Dag Rune Olsen, som streka under at det er dyrt å halde ein hage av dette kaliberet, og takka Bergen Kommune for bidrag til drifta.

Byråd Silje Hjemdal frå FrP uttalte at ho var imponert over boka og streka under kor viktig det er for kommunen å legge til rette for grøne lunger i byrommet.


Trulova på den grøne benken

Ein som strålte ekstra mykje denne dagen var direktør for Bergen Museum, Henrik von Achen.

– Det er voldsomt kjekt, ei slik bok har vore sakna. Det er ei viktig bok, her er gjort eit godt forskingsarbeid og det er samla mykje ukjend billedmateriale som kjem fram i lyset. Muséhagen er midt i hjartet til bergensarane, seier Henrik von Achen som for 36 år sidan forlova seg i Muséhagen.

– Mottakinga er overveldande, vi vart kvitt hundre bøker på ein time. Det verkar som om mange har eit sug etter meir kunnskap om Muséhagen, så eg håpar den blir lesen av mange – lenge. Det er ei stor ære å stå som redaktør, eg står verkeleg på skuldrane til Per Magnus Jørgensen og Dagfinn Moe, sa Salvesen etter lanseringa.

Boka tar føre seg dei ulike epokene i Muséhagens historie, samt biografiar over viktige personar i Muséhagens historie, og ei rekke fotografi og akvarellar av Miranda Bøedtker og andre.

 

Den norske hagen

Det var medan Per Harald Salvesen undersøkte historia til ulike tre i Muséhagen at tankane om ei bok om Muséhagen begynte å gjere seg gjeldande. For tre år sidan fekk Salvesen saman med mellom anna Per Magnus Jørgensen, så i oppdrag å undersøke dei gamle trea langs gjerdekanten i Botanisk Hage då eit nytt gjerde skulle byggast. Botanikaren begynte då å forske på kva system som låg til grunn då hagen først vart anlagt.

– Då eg rekonstruerte fann eg ut at det gamle anlegget frå Jørgen Brunchorst si tid, hadde ein nøye botanisk struktur. Det er ei svært nitid planlagt utstilling av plantenes system. Eitt system vi litt spøkefullt kallar hjarte- og lunge-stilen til Brunchorst. Denne måten å vise plantene var vanleg i botaniske hagar på denne tida, seier Salvesen.

Han fortel at på byrjinga av 1900-talet vart Muséhagen bygd opp som eit instrument for å fremje norskdom.

– Besøkande til hagen skulle lære om norsk flora, ein var opptatt av det norske og norrøne, og det å gjenreise nasjonens ære. Hagen var også prega av monumentale innslag som store kors og fallossteinar. Denne perioden, i boka kalla Holmboe-perioden, etter direktør Jens Holmboe, varte fram til 1925.

 

Brakte verda inn i Muséhagen

– Med Knut Nordhagen som kom til Muséhagen i 1925 byrja ei ny epoke. Nordhagen var opptatt av økologi, han var mest eit botanisk universalgeni, men ikkje først og fremst systematikar. Han bygde fleire delar av hagen opp i ny stil. Han fekk bygd ein steinhage, det kom meir barokke innslag, han fekk etablert ein høgtidshage etter strenge arkitektoniske prinsipp. Han var særleg glad i vassplanter, men ville vise alle mulige livsformer, vi fekk kabareten, sumpplanter, mangfold, mykje fleire eksotiske planter, og bedre utvalg av hageplanter og han var opptatt av gamle kulturvekster. Kort sagt; Nordhagen var meir europeer. I hans periode vart òg dei nasjonale monumenta tekne ut av hagen og samla framfor Kulturhistorisk museum, seier Salvesen.

Etter Nordhagen har det vore relativt lite endringar i Muséhagen. Knut Fægri videreutvikla plantingane, då han var direktør, men systemet Brunchorst og Nordhagen etablerte står igjen. Fægri var mest opptatt av spredningsbiologi; bestøving og pollinering. Pollenanalyse var hans store lidenskap.

– I dag er Muséhagen ein kombinasjon av gammel landskapshagestil, samt engelsk «rock garden» og ein strengt oppbygd renessanseprega del ("Vannhagen"). 

Men mange fleire enn desse mannlege botanikarane har vore viktige for Muséhagen. Gjennom djupdykk i universitetsarkiva vart forfattarane merksame på ei hittil ukjend gruppe som spelte en viktig rolle: Muséhagens lukekoner og hagemenn. Desse gjorde sjølve arbeidet i hagen under leiing av overgartnaren. Dei levde på ukeløn, og fekk aldri fast tilsetjing. I «Muséhagen i Bergen» er desse omtalt for første gong.