Hjem
Aktuelt
Ph.D.-intervjuet

På sporet av fortidas kvinner

Trass i sterk mansdominans, fungerte Bryggen i Bergen som bustad og arbeidsplass for mange kvinner i Mellomalderen. Sigrid Samset Mygland ville finne ut kven desse kvinnene var.

Sigrid Samset Mygland
KVINNELIV: Sigrid Samset Mygland har undersøkt kvinners rolle og nærvær på Bryggen i Bergen i mellomalderen.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Du har skrive både hovudfagsoppgåve, og no ei doktoravhandling, om mellomalderen. Kvifor blei det mellomalderforsking på deg?

– Eg har alltid vore interessert i historie, og spesielt vår yngre forhistorie. I dette skjeringspunktet mellom arkeologi og historie, bringer både skriftlege kjelder, men ikkje minst eit stort arkeologisk gjenstandsmateriale, oss tett på liv og kvardag. Eg har alltid likt å jobbe med gjenstandar og menneske. Eg skreiv om barn i mellomalderen på hovudfag, så det blei ein naturleg overgang å begynne å jobbe med kvinner, som er ei anna gruppe det ikkje er gjort så mykje på innan mellomalderarkeologi. Eg er glad i «dei små historiene». Det er noko spesielt med å stå med ein pitte liten skosåle i handa og vite at denne har eit barn brukt for 800 år sidan. Du kjem fortida sanseleg nær.

 

I avhandlinga di har du leita etter spor av kvinner i det arkeologiske gjenstandsmaterialet frå Brygge-gravingane i Bergen, som er datert 1170-1476. Kva var tanken bak?

– Eg ville undersøke kvinners rolle og nærvær i Bergen i mellomalderen. Frå historiske kjelder veit vi at det både fanst høgtståande forretningskvinner her, så vel som einslege kvinner som arbeidde som tenarar, bakstekoner og prostituerte, men lite om i kva grad kvinnene kom til byen som arbeidarar, eller som hustruer og mødrer. Eg håpte at det arkeologiske materialet kunne gi eit meir utdjupande bilete av kvinner på Bryggen i middelalderen.

 

Korleis har du jobba, heilt konkret?
– Eg tok utgangspunkt i seks av dei mange små og store brannane som herja byen i løpet av mellomalderen, den første i 1170 og den siste i 1476. I brannlaga desse brannane har etterlete seg, finn du gjenstandar som må ha vore i bruk på tidspunktet for brannen, og som eg tok utgangspunkt i.  Alle gjenstandane vart så kartfesta i høve til kvar dei var funne på Bryggen – mellom anna i hus, passasjer og bygardar. Eg prøvde slik å sjå på fordelinga av kvinne-, manns- og barnegjenstandar i tid og rom. Kva gjenstandar fanst det på ulike tidspunkt, kvar finn vi dei, og korleis kan vi tolke dei med tanke på kvinner si rolle og nærvær?

 

Og kva fann du?

– Materialet peiker på at kvinner har vore til stades i heile perioden mellom 1170 og 1476, men i stadig mindre grad etter 1200. Mitt inntrykk er og at befolkninga på Bryggen hadde eit meir lokalt tilsnitt i denne tidlegaste perioden, sjølv om folk av ulike nasjonalitetar heldt til her heile vegen. Denne kan òg ha omfatta familiar med barn. Etter 1200 vert spora etter kvinner, særleg tekstil- og kokereiskapar, færre. Ikkje minst fell talet dramatisk etter at hanseatane etablerer Det Tyske Kontor på Bryggen i 1360-åra og gradvis tek over alle bygardane her. I same periode aukar innslaget av utanlandske impulsar i materialet, som spor etter mannlege arbeidarar, og små barn er underrepresenterte. Materialet vert i det heile i stadig aukande grad dominert av restar av drikkeutstyr i keramikk, knytt til mannleg drikkekultur i høgare sosiale lag. Når kvinner tydeligvis fortsatt er til stades er det truleg at dei no først og fremst fylte rolla som einslege tenarar, snarare enn hustruer og mødrer.

Kva problem møtte du på?

Forskinga mi er veldig kontekstavhengig; alle gjenstandane måtte tolkast i den fysiske, historiske og sosiale samanhengen dei var funne i. I utgangspunktet var planen min å berre undersøke dei gjenstandane som kunne knytast til kvinner. Då dukka det fort opp ei viktig problemstilling: korleis kan ein knytte gjenstandar til kjønn i eit samfunn som er avslutta for fleire hundre år sidan? At ein type gjenstandar blir knytte til eitt av kjønna i dag, betyr ikkje nødvendigvis at dei blei det i mellomalderen òg. Og særleg ikkje i mellomalderbyar, som var sterkt mannsdominerte. Mykje tid gjekk dermed med til å undersøke kjønnsrollene i mellomalderen. Med utgangspunkt i det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret på landsbygda, prøvde eg å sjå i kva grad vi kan rekne med at det same gjaldt i Bergen. Truleg var det ein stor grad av kontinuitet.

 

Kva gjer forskinga di viktig, meiner du?

– Det er gjort lite forsking på kvinner og kjønn innan mellomalderarkeologi generelt. Før avhandlinga mi fanst det heller ingen overordna  arkeologiske studiar med fokus på kvinner i Bergen, sjølv om mange har vore innom temaet. Studiefeltet mitt, gender-arkeologi, er svært teoretisert, så studien min er tillegg eit konkret og materialisert forsøk på å nærme seg kvinner og kjønn i eit for oss tidsmessig utilgjengelig samfunn.

 

Korleis var det å avslutte ph.d.-perioden?

– Det vart ein heftig innspurt, som kosta. Eg var gravid med tredjemann og hadde bestemt meg for å bli ferdig før fødselen. Det vart nokre intensive veker med  16-timarsdagar, og der eg knapt såg familien. Eg rakk det med knapp margin – vatnet gjekk to dagar etter at eg hadde levert.