Hjem
Aktuelt
UNIVERSITETSLIV

UiB på topp 200

Universitetet i Bergen (UiB) blir rekna blant dei 200 beste universiteta i verda på QS-rankinga for 2015.

Isfjell, illustrasjon
MARIN FORSKING I VERDSKLASSE. Trass i rapportar som syner at fleire av UiB sine disiplinar, mellom anna marin forsking, er i verdsklassa, syner ikkje dette att i QS si rangering av dei beste universiteta i verda.
Foto/ill.:
Frode Ims

Tysdag 15. september la QS World Universities Ranking fram si liste over dei beste universiteta i verda. Ved hjelp av spesiell metodikk og intervju med akademikarar samanliknar dei nær alle universita i verda. 

I årets ranking har dei rangert dei 800 beste av dei kring 24 000 universiteta og høgskulane i verda.

Medan Universitetet i Bergen (UiB) i 2014 vart rangert som nummer 155, er universitetet i år nummer 181.

Dette plasserer UiB heilt i verdstoppen og blant den øvste prosenten av universiteta globalt.

– Vi er nøgde med at QS-rangeringa slår fast at vi er mellom dei 200 beste universiteta i verda. Det syner at UiB ligg i den internasjonale verdstoppen, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Kriteria som QS og andre rangeringar tar i bruk varierer frå år til år, og det er små marginer som skiljer universiteta som ligg mellom topp 50 opp til dei som er nummer 200 på lista. Dette skapar variasjonar for dei enkelte universiteta, også for UiB. Resultata frå QS syner at fleire breiddeuniversitet går tilbake på rangeringa. Samstundes rykkjer tekniske universitet fram.

– UiB har fagmiljø i verdsklasse innan disiplinar som klima, marin forsking og utviklingsforsking. Vi ligg lengst framme i Noreg når det gjeld tilslag frå Horisont 2020. Dette vert ikkje attspegla i QS si rangering, seier rektor.

Horisont 2020 er EU sitt åttande rammeprogram for forsking og innovasjon, og er det største av sitt slag i verda.