Hjem
Aktuelt
NY BOK

Kva påverkar høgsterettsdommarane?

Også høgsterettsdommarar er prega av sine verdiar og samfunnsyn når dei tek avgjerder i rettsalen. Det er konklusjonen i ei ny bok om norsk høgsterett.

Bokframside - Policy Making in an Independent Judiciary The Norwegian Supreme Court
UNDERSØKJER DOMMARANE: "Grendstad og kollegane hans har gjort materialet forståeleg og interessant for både samfunnsvitarar og juristar" , seier Lee Epstein om boka. Epstein er ein av verdas fremste domstolsforskarar.
Foto/ill.:
ECPR Press Monographs

Ein dommar er nøydd til å ta ei avgjerd. ”Dette kan eg ikkje avgjera” er ikkje ein setning du vil høyra i ein rettsal. Korleis kjem høgsterettssdommarane i eit land fram til avgjerdene dei må ta? I

I USA er det stadfesta at dommarar prøvar å baka sine eigne politiske preferansar inn i domsavgjerdene. Det vert likevel gjort på ein slik måte at resultatet høver med lova og med forventningane og avgrensingane som gjeld for den institusjonen dei høyrer til.

Boka Policy Making in an Independent Judiciary. The Norwegian Supreme Court har undersøkt den norske høgsteretten for å finna ut om dei same høva gjeld i Noreg.

Og fasiten er: Til ei viss grad.

 

Vanlege menneske med vanskelege val

­– Dommarane er vanlege menneske, som brukar si sunne fornuft og verdssyn når dei vert konfronterte med vanskelege avgjerder, seier Gunnar Grendstad, professor ved Institutt for samanlikande politikk.

Han har skrive boka saman med William R. Shaffer og Eric N. Waltenburg, begge amerikanske statsvitarar. Gjennom bygging av ein stor database med bakgrunnen til høgsterettsdommarar, kva avgjerdsla handla om, og korleis dommarane har røysta har dei undersøkt om det er andre faktorar enn dei formelle rettskjeldene som har spelt ei rolle i dissensavgjerder.

Mellom anna har dei undersøkt om ein dommar sin eventuelle bakgrunn som statstilsett har ført til ein tendens til å røysta i favør av staten, og om dommaren sin bakgrunn kan påverka i saker som gjeld ein økonomisk tvist mellom ein offentleg og privat part.

Høgsterettsdommarar vart fram til 2002 sett inn av den styrande regjeringa via Justisdepartementet. Materialet viser at for einskilde saksområde tek dommarane ulike val etter kva regjering som utnemnte dei.

 

Skadar ikkje rettssamfunnet

Konklusjonen er at dommarane sine ulike preferansar påverkar korleis dei røyster. Grendstad understreker at dette ikkje er noko negativt verken for norsk rettssystem eller det norske samfunnet.

– Det er ikkje ein løyndom. Dommarane er også vanlege folk, men dei må ofte ta vanskelege avgjerder. Det er berre slik det er, seier han.

Konklusjonen har fått fleire reaksjonar. Akademiske juristar ser på resultata som spanande. Andre juristar er meir tvilande, i følgje Grendstad. Dommarane sjølve er meir avvisande, særleg til elementet om at dommarane kan ver ”farga” av kva regjering som har utnemnt dei.

 

Stiller makta til ansvar

– Dommarane er sjenerøse med å vedkjenna seg at dei har eit samfunnssyn som stundom kan påverke dei i deira val. Men koplinga mellom utnemningsregjering og dommarvotering set dei lite pris på, seier Grendstad.

Dommarar er sentralt plasserte maktpersonar. Den norske domstolen vil gjerne ha innsikt og openheit om verksemda deira.

– Forsking på makt er å gjere ein institusjon ansvarleg. Forskarar som oss bruker empiri til å sjå nærare på domstolen, seier Grendstad.