UiB vil gjere deg smartare i lunsjen
UiB si heilt nye satsing på opne nettkurs har gjort det mogeleg for Anne Ingeborg F. Reiestad og tusenvis av andre å gå på klima-førelesing i lunsjen.

Hovedinnhold
– Klima er utruleg interessant å vere oppdatert på. Eg vil ha litt meir kunnskap til å delta i debatten, og eg vart med ein gang interessert då venninna mi tipsa meg om kurset Causes of Climate Change, sier Anne Ingeborg Finsaas Reiestad.
Ho var ferdig utdanna ved UiB for eit år sidan og jobbar som advokatfullmektig hos advokatfirmaet Elden i Bergen sentrum. I dag jobbar Finsaas Reiestad mest med strafferett, men masteren ho skreiv ved Universitetet i Bergen var miljøretta.
– Å ta eit slikt kurs passar meg veldig godt, det er fleksibelt og eg kan følgje med på førelesingane når det passar meg og delta i diskusjonar på nett. Det eg har sett så langt verkar veldig lærerikt og engasjerande, seier ho.
6000 har meldt seg på
Klimakurset Causes of Climate Change er det første opne nettbaserte kurset i regi av Universitetet i Bergen, og har fått over 6000 påmeldte. Oppstart var ved midnatt til 21.september, og diskusjonen mellom deltakarane er allereie godt i gang.
– Opne nettkurs er i vinden og blir brukt mykje i Europa og USA. Me ser på dette som ein fin måte å dela kompetansen vår med verda, seier Oddrun Samdal, viserektor for Utdanning ved Universitetet i Bergen.
– Me lager kurs på dei områda der universitetet er blant dei beste i verda, og klima er absolutt blant dei, påpeiker ho.
Gjer UiB meir attraktiv
Kursa, som også er kjent som Massive Open Online Courses (MOOC) har blitt tatt i bruk på utdanningsinstitusjonar over heile verda, blant anna på Stanford University og Massachuttes Institute of Technology.
– Me har valgt å begynne med dette for å byggje opp omdømmet til Universitet i Bergen. Målet er å få endå fleire til å sjå kor spennande det kan vere å studere her i Bergen, seier Samdal.
Men også studentane ved UiB kan få nytte av materialet som blir laga.
– Det er brukt mykje ressursar på desse kursa, så det vil også bli gjenbruk på materialet. Me kjem også til å bruka dei digitale læringsverktøya internt i arbeidet for meir studentaktiv læring, sier Samdal.
Ho skryt av professorane som så langt har vore involvert.
– Dei er veldig engasjerte og ser på dette som ein måte å skapa interesse for fagfeltet sitt og stimulera til forsking på området, seier viserektoren.
Kan nå heile to millionar
Universitetet i Bergen har inngått avtale med læringsnettstaden FutureLearn om å arrangere to opne nettkurs i året. FutureLearn nådde nyleg to millionar brukarar, og har eit stort nedslagsfelt.
Professor Asgeir Sorteberg ved Geofysisk institutt og professor Kerim Hestnes Nisancioglu ved Institutt for geovitenskap skal halde kurset som har oppstart 21.september.
– Det at nedslagsfeltet er så stort gjer det veldig spannande å vere med på, seier Sorteberg.
Klimakurset er lagt opp med seks videoførelesingar på 10 til 15 minutter. Dei deltakarane som fullfører kurset kan kjøpe diplom. Kursa er heilt gratis og inneheld både førelesingar, aktivitet i gruppediskusjonar og ulike oppgåver på nett. Førelesarane deltar i diskusjonen med delakarane på kurset. Studentane kan også fordjupe seg i litteratur som ligg tilgjengeleg på nett.
Går ut av komfortsona
Sorteberg meiner kursa ikkje er på eit veldig avansert nivå.
– Det blir ein mellomting mellom undervisning og formidling, og kan passa for dei aller fleste, meiner han.
Produksjonen av videoførelesingane er blant anna gjennomført i Bergen, på Geilo og på Grønland. Her har professorane fått prøvd seg på ein heilt anna formidling enn dei er kjent med frå førelesingssalane.
– Korleis har det vore å vere programleiar på noko som minner mykje om ein TV-dokumentar?
– Ein kan i alle fall seie at det er spanande å kunne vere me på noko som er så langt utanfor komfortsona. Utfordringa har vore å popularisere stoffet sjølv om eg kunne tenkt meg å problematisere meir, sier han.
Sorteberg håpar og trur at klimakurset kan auke interessa for å studere fagområdet hans, for å lære meir.
– Dette er berre ein smakebit på kva ein kan få som student ved Universitetet i Bergen.