Hjem
Aktuelt
Forsking

– Grunnlovshistorie er mykje meir enn 17.mai-talar

Forfattarar av ny lærebok vil syna kor viktig grunnlovs-historia vår er internasjonalt.

Ny lærebok i forfatningshistorie.
MEIR OM GRUNNLOVA: Ny lærebok i forfatningshistorie skal vere med å peike på forfatningshistoria i Noreg i internasjonalt lys.
Foto/ill.:
Pax forlag.

Eirik Holmøyvik og Dag Michalsen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen har forfatta ei ny lærebok i forfatningshistorie. Boka tar for seg norsk forfatningshistorie frå 1814 og fram til i dag. 

 

Ut av eit klamt grep 

Holmøyvik har fleire grunnar til at han meiner det er på tide med ei ny lærebok i forfatningshistorie. 

– Vi ønskjer å fortelje kvar norsk forfatningsrett kjem frå, korleis den har utvikla seg og kva idear og kjelder den byggjer på. Samstundes ønskjer vi å riste norsk forfatningshistorie ut av historikarane sitt klamme grep, der det juridiske perspektivet har forsvunne i den større forteljinga om norsk politisk historie. Ved å fortelje norsk forfatningshistorie frå eit genuint juridisk perspektiv ønskjer vi også å gi dagens jusstudentar, juristar og andre interesserte ei betre og djupare forståing for norsk forfatningshistorie og dagens forfatningsrett. 

– Kva meiner du er det viktigaste nye i denne boka? 

– Det viktigaste i boka er at vi ser den norske forfatningsutviklinga i eit internasjonalt perspektiv. Norsk forfatningshistorie høyrer inn i ei større internasjonal forfatningshistorie, sjølv om vi kan få eit litt anna inntrykk frå dei navleskodande festtalene 17. mai. Tru det eller ei, Noreg har også vore eit føregangsland på viktige forfatningsrettslege område. På 1800-talet var Noreg ein radikalt moderne utpost i det då reaksjonære Europa fordi vi var det einaste europeiske monarkiet som gjorde eit folkevald organ, Stortinget, til sentrum i statsstyret. Og saman med USA var Noreg det fyrste landet som gav domstolane rett til å kontrollere parlamentets lovgiving mot grunnlova, noko som er det store temaet i dei siste tiåras internasjonale forfatningsdebatt.

 

Viktigare enn nokon sinne 

Det er ikkje tilfeldig at ei ny lærebok i forfatningshistorie kjem no. 

– Trass i det ein skulle tru ved å sjå på vår eigen vesle forfatningsdebatt, er forfatninga som institusjon viktigare enn nokon sinne rundt om i verda. Etter Jernteppets fall i 1989 og no i kjølvatnet av den arabiske våren har vi vore vitne til ei bølgje av nye forfatningar verda over. Nye demokrati ser nettopp til forfatninga som eit statsbyggjande instrument. I akademia ser vi tilsvarande merksemd om forfatningsretten, med store internasjonale forskingsprosjekt og internasjonale forskargrupper. Og her heime har vi dei siste ti åra gjennomført den største forfatningsreforma sidan 1814 og 1905. Grunnlovsjubileet i 2014 førte til mykje ny forsking på den norske grunnlova og forfatningsutviklinga. Læreboka byggjer nettopp på denne forskinga og er slik sett heilt oppdatert på forskingsfronten.

– Kvifor er det så viktig at juss-studentar har kunnskap om forfatningshistorie?

– Dagens forfatningar har framleis den same strukturen og mykje av det same innhaldet som dei fyrste moderne forfatningane rundt 1800. Vår eiga grunnlov frå 1814 stammar frå denne fyrste forfatningsbølgja, men har blitt vesentleg endra og tolka om i løpet av 200 år. For å forstå dagens grunnlov og konstitusjonelle system er det nødvendig å vite noko om dei historiske røtene, som er særleg sterke og rike hos oss. Dessutan krinsar dagens forfatningsdebattar om mykje av dei same spørsmåla som gårsdagens debattar, men i stadig nye samanhengar. Til dømes, når vi i dag diskuterer dei konstitusjonelle grensene for internasjonalt samarbeid opp mot EU og EØS, bør vi minnast at slike spørsmål vart diskutert i samband med NATO-medlemsskapet i 1950-åra og gjennom heile 1800-talet i samband med unionen med Sverige. .

 

EØS-påverknad vil vere viktig vidare 

– Korleis trur du ei slik lærebok vil sjå ut om 20 år? 

– Den føreliggande læreboka er litt baktung med vekt på 1700- og 1800-talets formative forfatningsutvikling. Ei lærebok i forfatningshistorie om 20 år vil nok gå djupare inn i dei viktige forfatningsdebattane rundt unionsoppløysinga i 1905 og utviklinga av dagens parlamentariske system i mellomkrigstida. I tillegg vil ei framtidig lærebok i forfatningshistorie måtte skildre dei forfatningsrettslege konsekvensane av EØS-avtalen frå 1992 og Høgsteretts utvikling av domstolanes kontrollfunksjon overfor den lovgivande og utøvande makta mellom 1996 og 2015, altså den spennande utviklinga vi står midt oppe i no.