Hjem
Aktuelt
Universitetsrangering

Times Higher Education: UiB tilbake i topp 200

UiB rykkar fram 41 plassar til nummer 182 i Times Higher Education si rangering av dei beste universiteta i verda.

Luftfoto Museplass 1
TOPP 200-UNIVERSITET: Det at UiB scorar høgare på siteringar i THE-rangeringa, viser i følgje rektor Dag Rune Olsen at forskinga ved UiB har aukande internasjonalt gjennomslag.
Foto/ill.:
Alf Edgar Andresen

Times Higher Education (THE) rangerer årleg dei beste universiteta i verda ved å sjå på fem hovudindeksar: undervising, forsking, siteringar, kunnskapsoverføring og internasjonalt engasjement.

 

Fram på alle hovudindeksar

Universitetet i Bergen (UiB) rykker altså opp 41 plassar frå fjorårets rangering, og er dermed på 182. plass på verdsbasis. UiB går fram på alle hovudindeksane. UiB sin største framgang er innan siteringar, altså kor mykje forsking frå UiB som vert sitert av andre forskarar.

– UiB skal vera særleg nøgde med at vi rykker fram på siteringar. Det viser at forskinga vår har eit aukande gjennomslag internasjonalt, seier Dag Rune Olsen, rektor ved UiB.

 

Varierande metodar, ulike resultat

Årleg vert det presentert fleire universitetsrangeringar. THE, QS World Universities Ranking og Shanghai-rangeringa vert rekna som dei tre tonegjevande. Medan UiB går opp på THE, viste både QS- og Shanghai-rangeringa ein nedgang for universitetet. Kvar rangering nyttar liknande, men samstundes noko ulike metodar for å måla universiteta.

– Dei ulike metodane som vert nytta fortel meg at slike rangeringar kan fortelja oss noko, men ikkje alt. Det gjev oss ein peikepinn på at andre oppfattar oss som fagleg gode. Samstundes fell viktige delar av vår faglege verksemd, som til dømes utdanningskvalitet, utanfor det som vert målt i desse rangeringane, seier rektor Olsen.

Samstundes som UiB gjekk fram på THE-rankinga når det gjeld siteringar, viste QS-rangeringa nyleg eit fall i den same kategorien.

 

Eit internasjonalt universitet

Rektor Olsen trekk også fram UiB si internasjonale verksemd som viktig for universitetet sitt omdøme. Dette gjev også utslag i THE si rangering.

– I norsk samanheng er UiB mellom dei universitet og høgskular som har flest internasjonale tilsette. Mellom anna er ein av tre som tek doktorgrada ved UiB frå andre land enn Noreg. Desse internasjonale impulsane skjerpar nivået på forskinga ved universitetet og set Bergen på verdskartet, seier rektor Dag Rune Olsen.