Hjem
Aktuelt
NY BOK

NAV-reform med små gevinstar

Litt færre kjem over i fast arbeid med NAV, enn dei gjorde før NAV vart etablert i 2006. Ei ny bok går gjennom historia til reforma.

Omslaget til boken
BOKUTGIVELSE: 30-40 forskarar frå ni ulike fagmiljø var med på prosjektet som evaluerte NAV-reforma.
Foto/ill.:
Universitetsforlaget

Professorane Jacob Aars ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen, og Tone Alm Andreassen ved Høgskolen i Oslo og Akershus gav nyleg ut boka Den store reformen. Da NAV ble til. Boka går gjennom historia til NAV-reforma, frå politisk idé til realitet i forvaltninga.

Bokas hovudanliggande er å legge fram forskinga som er gjort på reforma gjennom evalueringsprosjektet som har gått parallelt med at reforma vart sett i verk.

 

Brukartilfredsheita gjekk ned

– Det var interessant å sjå NAV-reforma i ein større reform-tradisjon. Dette er moglegvis det største evalueringsprosjektet vi har hatt i Noreg. seier Jacob Aars.

Måla med NAV-reforma var mellom anna å få fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad og betre brukartilpasning.

– Dei viktigaste resultata er at reforma førte til fall i overgangen frå yting til arbeid. Brukartilfredsheita gjekk drastisk ned etter reforma vart iverksett, seier Jacob Aars.

Ideen til NAV-reforma kom frå stortingspolitikarene. Det var brei politisk semje om reforma, der ønsket var å få ei dør brukarane kunne opne for å finne både trygdeytingar og hjelp til å komme tilbake til arbeidslivet.


Reform i reforma

– NAV-kontora fekk ansvaret for å koordinere statlege og kommunale oppgåver. Grensene skulle byggast ned og vi skulle få eit skreddarsydd tenestetilbod, men det vart ikkje sånn. Avstanden til saksbehandlaren vart lengre, fortel Aars.

Etterkvart kom det ein reform i reforma, denne gjekk ut på at det vart oppretta regionale forvaltningseinheiter og pensjonseinheiter. Dette skjedde i 2008. Hensikten var å frita dei lokale kontora for sakshandsaming og utbetalingar. Dermed skulle kontora få bedre høve til rådgivning og tjenesteyting overfor brukerne.

– Konsekvensen vart at brukarane ikke lenger fekk direkte kontakt med saksbehandler, alt skulle gå via NAV-kontoret. I tillegg oppsto det mange problem då sakspapirer skulle oversendast frå dei lokale kontora til dei regionale forvaltningseinheitene. Til dømes forsvann det sakspapir.

 

Nærmare 90 publikasjonar

30-40 forskarar frå ni ulike fagmiljø var med på prosjektet, og det har kome nærmare 90 publikasjonar ut av arbeidet. Forskarane har både drive såkalla prosess-evaluering, altså dei har sett på kva som føregjekk undervegs, og dei har sett på resultata av NAV-reforma.

NAV-evalueringa var i mange år leia av professor i administrasjons og organisasjonsvitskap, Anne-Lise Fimreite, men professor Jacob Aars tok over som leiar mot slutten av prosjektet.